Hjelper Veljarhjelpa?

Leif Johnsen

Leif Johnsen Foto:

Av
DEL

LesarbrevAvisa Nordhordland skal laga ei Veljarhjelp til veljarar som vil finne ut kva parti dei er mest einig med.

Fortenestefullt det. Men nok er ikkje nok, heller ikkje her. Dei har stilt partia 26 spørsmål med svaralternativa Heilt einig, Delvis einig, Delvis ueinig og Heilt ueinig. Gir det eit bilete av parti sin politikk? Kva partia prioriterer?


Delvis tja. For det første: Svaralternativa «Delvis einig/ueinig» seier veljarane lite, det er høgst uklart kva som ligg i slike svar. Og svaralternativa «Heilt einig/ueinig» skjuler viktige nyansar og vilkår.

Vil du ta vår veljarhjelp? Klikk her!

For det andre: Det er lett for partia å svare taktisk, dvs. slik at ein ikkje risikerer å støyte veljarar frå seg, ved å bruke meir «delvis» enn «heilt einig» alternativa, altså dei svara som seier minst om deira politikk, eller ved å bruke «heilt» alternativa i populære saker sjølv om ein veit at økonomien ikkje tillet det ein då lover.

For det tredje: Det gir kunn eit bilete av kva partia meiner om tema dekka av dei 26 spørsmåla. Om partia har hovudsaker spørsmåla ikkje dekker, kjem dette ikkje fram i undersøkinga, ein stor mangel.
For MDG Alver gjeld det siste.

Vår hovudsak også i kommunevalet er klima, miljø og natur. Dei 26 spørsmåla hadde ingen om klima og natur, og berre nokre få handla om miljø, og då indirekte. Også andre viktige tema, t.d. innan næringsliv, jordbruk og havbruk, og helse mangla.


Derfor, her er ti spørsmål MDG meiner manglar i Nordhordland Avis si Veljarhjelp. Svara våre på alle ti er Heilt einig.


Bør Alver kommune: - Erklære klimakrise? - Styrkja naturforvaltinga? - Styrke strandsonevernet og fjordvernet? - La vere å satsa på vindkraft på land? - Opprette eit fond for grøn omstilling og innovasjon? - Opprette eit kommunalt Landbruksråd? - Arbeide for å få Bondens marknad i Knarvik? - Ta «time out» for vekst i oppdrettsnæringa? - Opprette eit kommunalt innvandrarråd?
- Ha som mål at heiltidsstillingar skal vere normalen innan helse og omsorg?


Til slutt: Når du bruker veljarhjelpa, tenk sjølv, les partiprogramma - og still politikarane dine eigne spørsmål! Godt val, på eit godt grunnlag!
Vil du ta vår veljarhjelp? Klikk her!

Leif Johnsen,
førstekandidat MDG Alver.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags