Kommunereform: «Det er på ingen måte sikkert at det vil gagna det lokal næringslivet»

Anna Valle.

Anna Valle. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeiningarJa, kommunane treng eit allsidig og godt næringsliv, og kommunane har ansvar for å legga til rette i så måte. Men må det vera ein storkommune for å greia det? Når næringslivet hevdar at dei møter ulik «praksis» rundt i kommunane verkar det litt merkeleg.

Forvaltninga går etter sentralt vedtekne lover og forskrifter, så på administrativt nivå bør kommunane opptre likt. At dei folkevalde gjennom planar eller enkeltvedtak kan prioritera ulikt frå kommune til kommune kan nok skje, og det kan faktisk vera fordi at kommunen er litt ulike, og at dei har ansvar for å vareta mange ulike interesser, ikkje berre næring.

LES OGSÅ: Næringslivet i Gulen kan tapa millionar på kommunesamanslåing

Sentralt har næringslivet lenge heia på kommunereforma. NHO ønsker landet delt inn i 77 kommunar. Adm.dir. i NHO Service, Petter Furulund, har gitt oss ein innfallsvinkel til det ønsket : «større kommunar vil bety fleire moglegheiter for private aktørar». Meir privatisering av barnehagar, eldreomsorg, skular, reinhald og tekniske tenester må såleis påreknast dersom det vert større kommunar. Men det er på ingen måte sikkert at det vil gagna det lokal næringslivet. Med gjeldande EØS-regelverk kan ein ikkje gi fortrinn korkje til lokale eller nasjonale tilbydarar.

LES OGSÅ: Masfjordingane snur seg vekk frå Gulen

Det kan også nemnast at næringslivet i nokre av kommunane truleg vil få auka kostnader ved at arbeidsgjevaravgifta vert samordna til høgste sats. Men om tenester vert privatisert, er det kommunen som har ansvar for at dei fungerer og kommunen må sjå til at så skjer. I Sverige reknar ein at mellom 45.000 og 50.000 årsverk er knytt til kontroll av kontraktørar som utfører tenester på vegner av kommunen. Er det den typen «robuste» kommunar og «nye oppgåver» me ønsker å legga til rette for i Nordhordland?

LES OGSÅ: Kommunestyret splitta – Fedje AP seier blankt nei til kommunesamanslåing

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags