Oljetåka over Nordhordland

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev13. januar skreiv redaktør i avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, i ein leiar at oljekrisa kan vere over. Han seier sjølv at dette er vanskeleg å spå, men at ifølge uavhengige rapportar så kan botnen vere nådd, for denne gang. Det kan hende at botnen er nådd – for denne gang – men det betyr vel alt anna enn at oljekrisa er over?

Norsk olje og aktiviteten på Mongstad har vore avgjerande for å skape dagens velferdsstat. Heilt klart. Det er likevel forbausande og nedslåande å lese at Nydal har så liten sjølvtillit på vegner av Nordhordlendingar flest når han meiner regionen vår er sjanselaus utan olja.

Oljekrisa har gitt oss ein gyllen moglegheit til å tenke nytt

Vidare meiner Nydal at vår høge levestandard og velferdsgode er avhengig av sal av olje- og gass – at noko anna er utopi. Å forlenge oljealderen garanterer ikkje for framtidig velferd. Heller tvert i mot.


Nydal meiner vi må «prise oss lykkelege» over at botnen er nådd – for denne gang. Ei oppfordring til å krysse fingrane for at det ikkje skjer igjen og håpe på det beste. Å vere nøgd med at vi kanskje er på veg inn i ein god periode utan at ein vedkjenner seg behovet og nødvendigheita for eit meir differensiert næringsliv som skapar trygge arbeidsplassar er høgst urovekkande.


Oljekrisa har gitt oss ein gyllen moglegheit til å tenke nytt. Vi har fått ein ny sjanse til å legge til rette for berekraftige arbeidsplassar i regionen. Om vi ikkje forstår verkelegheita, evnar å sjå nye moglegheiter og innrettar oss mot ei endring i regionen vil bedriftene våre stå i fare for å verte forelda og miste konkurranseevna. Det vil få langt større konsekvensar for velferdsgoda og levestandarden i Noreg enn om vi investerer i omstillinga til ein berekraftig økonomi og set i verk «det grøne skiftet» som er i ferd med å springe frå oss.

Små oppturar kan gjere oss blinde


Oljemarknaden svingar, slik alle andre marknader svingar. Den har gode og dårlege tider og dansar ofte i takt med samfunnstrendane. Prisen på olja, lik andre produkt, er styrt av marknaden og er best når tilbod og etterspurnad er i harmonisk balanse.

Små oppturar kan gjere oss blinde, slik at vi ikkje evnar å sjå truslar og symptom på større utfordringar til hinder for langsiktig utvikling av regionens næringsliv. I verste fall kan vi risikere å kaste bort investeringar i ein forelda marknad og produsere produkt som ingen vil ha i 2030. Tida er inne for å snakke om nye satsingar og kva som definerer regionens konkurranseevne for framtida.

Vi er ein del av ein global marknad. Det betyr at premissane for sal av olje- og gass, og produktets lønsemd har vi ingen kontroll over. Rapporten «Expect the Unexpected: The Disruptive Power of Low-Carbon Techonology» som kom i fjor, peiker mellom anna på at oljeetterspurnaden vil nå toppen allereie i 2020. Berre fram til 2025 vil aukinga i talet elektriske køyretøy åleine redusere oljeetterspurnaden med to millionar fat per dag, og Noreg sit i førarsetet av denne utviklinga. Det er eit like stort oljevolum som førte til oljepriskollapsen i 2014–2015 og er eit av mange døme på at å tvihalde på oljeeventyret vi har hatt kan sette oss på sidelinja av den globale utviklinga.

Framtida i Nordhordland er ikkje fossil


Realiteten av klimaendringane vil få større og større plass i både næringslivets utvikling og i politiske planar og avgjersler. Faren for klimaendringar var ein viktig faktor for den kommersielle utviklinga av fornybare energialternativ som i dag er blitt konkurransedyktige og vil ikkje verte mindre viktig framover. Dersom vi skal ta forskarane og ekspertane i FNs klimapanel på alvor, må store deler av vår olje og gass bli liggande i bakken for å unngå farlege klimaendringar. Mens dei fleste andre europeiske land har kutta sine utslepp, har vi i Norge auka våre. Parisavtalen vart i 2016 det styrande verktøyet for korleis Noreg skal verte klimanøytral innan 2030, som regjeringa har vedtatt. Det vil seie at trykket på omstilling frå eit oljeavhengig til eit klimanøytralt samfunn må auke om vi skal nå måla våre.


Éin ting har Nydal rett i, at mykje ligg til rette for vekst i Nordhordland. Men for at veksten i næringslivet i Nordhordland skal vere berekraftig må ein ta grep og ikkje late som om «vi er over det verste». Vi må ta inn over oss at vi lever i ei verd i stor endring. Trendane endrar seg. Ansvar og berekraft er øvst på agendaen til ein aukande mengde internasjonale verksemder. Etikk- og miljø er vorte ein konkurransefordel og ikkje ein økonomisk byrde.

Vi er ein del av ein global marknad som i større og større grad vel vekk det produktet vi er avhengig av for å dekke vår velferd. For å sikre langsiktig finansiering av velferdsstaten og eit berekraftig næringsliv må vi over i ein vekstmodell som er uavhengig av etterspørsel frå olje- og gassektoren. Då må vi ut av oljetåka som har lagt seg over Nordhordland og byrje å snakke om elefanten i rommet: framtida i Nordhordland er ikkje fossil.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags