Vi skal skape eit berekraftig velferdssamfunn i Alver

Ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes.

Ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av at det blir skapt verdiar og arbeidsplassar i heile kommunen. Vi som politikarar har ei viktig rolle til å stimulere til vekst og nye arbeidsplassar ved å gje langsiktige og føreseielege rammer for arealbruk mellom anna til næringsverksemd, stimulera til innovasjon og medverke til arbeidskraft med relevant kompetanse.

Ei vekstkraftig region med gode lokalsamfunn i heile kommunen:

Ei berekraftig samfunnsutvikling heng tett saman med næringsutvikling. Vi må leggja til rette forholda for næringsutvikling ved å sikre at det finst eit variert bustadtilbod og attraktive nærmiljø i nærleik av område der næringslivet skal etablere og utvikle seg. Skatteeffekten av eit næringsliv med høg lønsevne har betydning for kommunen og regionen. Det styrkar vilkåra for god kommuneøkonomi og grunnlaget for våre tenester som skal sikre levekåra og velferd til våre innbyggjarar.



Samarbeid for vekst:

Vi må leggja til rette for å auke verdiskaping og skape lokale arbeidsplassar basert på våre regionale fortrinn. Tett samspel mellom kommunen, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og sektor myndigheiter med aktiv medverknad i planprosessane og at dei legg til rette for å auke samarbeidet mellom næringslivet og kunnskapsmiljø på område der regionen har fortrinn. Fellesnemnda har snart klar ei Næringsanalyse, ei «smart spesialisering» av kva som er våre regionale fortrinn. Eit samarbeid mellom næringslivet, kommunen og Høgskulen på Vestlandet for å leggje eit kunnskapsgrunnlag for ei framtidig berekraftig næringsutvikling i kommunen.

Helsehuset ei motor for næringsutvikling:

I 2020 vil eit nytt Helsehus vere klart med nye og betre helsetenesta til våre innbyggjarar. Velferdsteknologi vil vere ein integrert del av tjenesteutviklingen i helse og omsorg i Alver kommune. Helsehuset kan vere ei viktig motor for å skapa ny næringsutvikling i Alver. Prosjekt Helsenæring i Alver har som mål om ny innovasjon i helsetenestene og nye kompetansearbeidsplassar i Alver kommune. Ein ny fagskule på Knarvik VGS innanfor Velferdsteknologi er eit av satsningsområdene. Prosjektet skal avklare behov for kompetansetiltak som kan bidra til nye marknader til våre lokale bedrifter innanfor leverandørindustrien, bygg og anlegg på smarte omsorgsbygg og installering av ny velferdsteknologi i private og offentlege bygg. Viss vi greier å omstille dei ressursane vi har lokalt, vil Alver raskt kunne skape ny vekst for det lokale næringslivet. Og ikkje minst vil dei offentlege helsetenestene få smartare helsetenester, noko som kjem alle innbyggjarar til gode.

Nye arbeidsplassar i det grøne skifte:

I Alver har vi sterke industrielle tradisjonar. Eit av næringsområda i Hordaland som har størst potensial for å skape nye grøne arbeidsplassar er Mongstad Industriklynge. Det skal vi utnytte ved hjelp av prosjektet Green Spot Mongstad. Her skal vi etablerer ein felles strategi, handlingsplan og nye grøne arbeidsplassar. Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest, Hordaland fylkeskommune og Alver kommune samarbeider om satsinga på tre millionar kroner. Fellesprosjektet skal kartleggje moglegheiter og komparative fortrinn, slik at vi kan skape ny grøn næringsutvikling.
I intensjonsavtalen til nye Alver kommune ligg eit prinsippvedtak om å lage ein ny klima- og miljøplan. Avfalls- og gjenvinningsbransjens vegkart til ein sirkulær økonomi viser korleis gjenvinning og utnytting av ressursar kan få stor betyding for norsk grøn konkurransekraft. Sirkulasjon av ressursane aukar også sjølvforsyningsgraden av ressursar innanfor ein region, og er viktig for næringa sitt miljøavtrykk og omdøme. Sentralt i «ressurssirkelen» står Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) som tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. I ein sirkulær økonomi er det behov for at bedrifter innanfor ulike sektorar ser nytte i samarbeid, særleg sidan avfallshandtering er ei offentleg teneste, underlagt reguleringar og avgiftssystem. Her har Lindås kommune gjennom sitt Næringsfond støtte et prosjekt som vil medverke til å kopla dei ulike aktørane for å finne felles løyvingar for at meir av dei eksisterande ressursane vert henta ut frå avfallet, og leggja grunnlaget for nye verksemder samt auka verdiskaping.

Berekraftig utvikling:

Nordhordland har nyleg fått status som eit UNESCO Biosfæreområde, det fyrste i sitt slag i Norge. Nordhordland er valt ut fordi regionen på ein framifrå måte kan stå som modellområde både for det historiske og det moderne kystlandskapet i Norge. Utvikling i samfunn og teknologi har ført til at regionen i vår tid forvaltar store verdiar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Det varierte landskapet er ein ressurs i seg sjølv.
Vi har eit stort ansvar i å forvalte ressursane slik at komande generasjonar får glede av dei. Biosfæreprosjektet skal finne dei gode løysingane på korleis vi som ei kyst-region skal takle både miljøutfordringar og samfunnsutvikling på ein berekraftig måte.

Nei til vindkraft i urørt natur:

Vårt berekraft ansvar krev at vi må ekskludere verdfulle område for natur og friluftsliv for utbygging av vindkraft. Spesielt på urørt natur område. Slike område har store naturverdiar og artsmangfald, og gir moglegheit for heilt spesielle naturopplevingar. Det andre er mykje brukte friluftslivsområde: Det må ikkje byggast vindkraft i verdfulle friluftslivsområde i Alver. Desse områda er mykje brukt og naturopplevinga vil forringas kraftig ved utbygging av vindkraftanlegg.
KrF Alver er positive til ei heilskapleg planlegging av norsk vindkraftutbygging til havs. Det er på havteknologi Norge har sine komparative fortrinn og kan ta ei leiande posisjon i det grøne skifte globalt.

For å styrkje næringsutvikling i Alver vil vi gjennomføre følgande tiltak:
• Utvikle eit godt vegnett både internt i kommunen og mot Bergen med E39 Klauvanset – Vågsbotn
• Styrke etablerer aktivitetane for nyetableringar gjennom samarbeidet kommunen har med Industriutvikling Vest og Næringshagane i regionen.
• Sikre tilgang på relevant utdanning og kompetanse
• Skapa ein attraktiv kommune for utvikling av nye arbeidsplassar gjennom attraktive lokalsamfunn
• Leggja til rette for attraktive næringsareal langs hovudfartsårene
• Utvikle meir effektive forvaltningsprosessar i kommunen
• Tilrå ei sterkare medverknad frå næringslivet i dei viktige planprosessane i kommunen
• Bidra til å skape eit inkluderande samfunn og eit inkluderande arbeidsliv

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags