Alver skal bli ein ja-kommune!

Nils Marton Aadland

Nils Marton Aadland Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet skal vere lett å bu og skapa i kommunar der Høgre styrer. Vi ønskjer å utvikla Alver til å bli ein Ja-kommune med enkle reguleringar og ei positiv haldning til innbyggarane sine initiativ.

Å vera ein ja-kommune betyr å gjera det lett og fint å bu i kommunen. Vi skal seie ja til nye måtar å gjera ting på i kommunen som gjer det enklare for innbyggarar og næringsliv. Det inneber digitalisering av tenestene, enkle og lett tilgjengelege søknadsskjema, og ei positiv haldning til dei som tenkjer nytt.

For at Alver-kommune skal vere ein god stad å bu i treng vi politikarar som evnar å seie ja. Vi skal vera ein positiv kommune som møter initiativ frå innbyggarane og næringsliv med eit ope sinn.

Vi skal ha gode møteplassar mellom bedriftene og kommunen, slik at vi heile tida kan lytta til kva som trengst for at endå fleire arbeidsplassar skal bli skapt i kommunen.

En ja-kommune spelar på lag med dei som vil skapa arbeidsplassar. Difor må vi regulera nok areal til bedriftene, vera føreseibar i planlegginga, ha nok plankompetanse i kommunen og ikkje minst vera positive til dei som vil skapa jobbar!

Innbyggarar med gode initiativ skal møtast med takk. Kommunen skal ikkje leggja hindringar i vegen for innbyggarar som ønskjer å skapa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags