Å syngja i kor kan gje deg nettopp dette, - og mykje meir. Koret OsterKlang har Boris Kuprijanov som musikalsk leiar. Han deler rikeleg av sine kunnskapar, sitt musikalske overskot og sin humor, - slik at vi saman kan levera korsang av godt merke. Vi har eit svært variert repertoar, alt ifrå folkeviser og pop til det mest seriøse av kyrkjemusikk. Vi øver kvar torsdag i kyrkja på Ostereidet, og deltek på ei gudsteneste i månaden i Osterfjorden sokn. Andre arrangement som kor-kafe og liknande, - kjem i tillegg. Else Westervik har rolla som med-dirigent ved framføringar.

I koret kan vi tilby eit raust og godt sosialt miljø, der alle får bruka sine talent og evner saman.

Er du interessert? Sjå annonse i laurdagsavisa, eller ta kontakt på tlf 98647358.

Solveig Eide

leiar