Om eit år nærmar det seg Kommunestyre- og fylkestingsvalg 2019 Eg har gjennom fleire år prøvd å tala Nordhordland si sak for å få eit likeverdig museumstilbod som dei andre regionane i Hordaland, men det endar med loving og lyging frå både byråkratar og politikarar, spørsmålet er om Høgre vil gjera noko med denne saka eller nøyer seg med valflesk i 2019

Fullstendig svikt frå Fylkeskommunen som har motarbeidd fleire forsøk på å etablera regionmuseum i Nordhordland.

Denne båten havna på museum i Bergen fordi ansvarlege mynde ikkje vil gje nordhordledingane museum slik dei andre regionane i Hordaland har. Fylkeskommunen med Fylkeskonservatoren og hass byråratar har klart å hindra Nordhordland i å få eige museum, fylket vil tvinga Nordhordland til å ha sitt regionmuseum i Salhus i Bergen der Museumssenteret i Hordaland har fått i oppgåve å passa på at me ikkje får regionmuseet plassert i regionen vår. Det verste er at mange av kommunane i Nordhordland med ordførarane i spissen heiar på denne løysinga til Fylkeskommunen, og sender pengar til Museumsseteret i Hordaland så dei kan passa på at me ikkje får vårt eige regionmuseum med tilsette museumsfolk, utstillingar , magasin og diverse formidligs- og dokumentasjonsprosjekt. Det er tydlegvis viktigare for politikarane stå på godfot med byråkratane i Fylkeskommunen enn med innbyggjarane og eigarane av kulturskattane i Nordhordland.

Kulturen til Nordhordland har vore sett på som mindreverdig sidan denne regionen ikkje får del av den store museumskaka som dei andre regionane og BERGEN meiskar seg med.