Underskrivne syner til innlegg av Arne Magnar Høyland, i denne avisa, dagsett 30. august 2018.

Planane om eit skikkeleg, allsidig regionmuseum på den sentrale Flatøy, var komne langt. Avdøde etnolog Brynjulf Alver, professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen; arbeidde ihuga for å få til dette regionmuseet. Eg hadde kontakt med professor Alver i denne samanheng: Han meinte også at Flatøy var rette staden for eit slikt museum.

– Her må me også byggja ei skikkeleg nothengje; hugsar eg han proklamerte.

Men så kom nokre ihuga koryfear på at dei skulle byggja eit lyngheisenter på den avsidesliggjande øya Lygra. Då var det allereie bygd eit lyngheisenter på Vigsnes langt nord på Karmøy.

Desse lynghei- entusiastane greidde hala ut uhorveleg mange millionar kroner frå det offentlege til å byggja opp fasilitetane på denne vesle øya.

Den gong gjekk eg ut i lokalavisa og fortalde at eg ikkje skjøna korleis ein kunne bruka så mykje pengar på eit lynghei-prosjekt; som låg langt ute i hutaheita der vegen fram er heilt elendig. Dessutan: Lyngrabbar er ikkje noko spesielt – slikt finst overalt.

Diverre – det har synt seg i ettertid at eg fekk heilt rett!

Arne Høyland: Du veit like godt som meg at dei pengane som skulle brukast til eit skikkeleg regionmuseum på Flatøy; vart kasta vekk på eit mislukka prosjekt på Lygra.

Slikt vil eg kalla dårleg vurderingsevne: Både frå lokale politikarar samt biologi- professorar ved Universitetet i Bergen. Regionmuseet du etterlyser er like steindaudt som storsild i lake; trur eg.

Les også

Fylkeskommunen har motarbeidd regionmuseum i Nordhordland