Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eit fleirtal i næringskomiteen på Stortinget har gått inn for at det skal utarbeidast ein industristrategi for hydrogen. Fleirtalet støttar forslaget frå Arbeidarpartiet, og køyrer dermed over regjeringa som er imot forslaget. Forslaget vart behandla av Stortinget på torsdag og vedteke mot Høyre og Frp sine stemmer.
Hydrogen vil overta som drivstoff i bilparken
Eg meiner det må byggast ein Hydrogenfabrikk på Mongstad basert på gass. Om nokre år ikkje så langt framme, vil hydrogen overta som drivstoff i bilparken og då må vi vere klar til å kunna vere med på denne utviklinga. Sjølv om vi i Norge kanskje også i framtida vil satsa på EL i bilparken framfor Hydrogen, vil dei fleste land satsa på Hydrogen.
Ein slik fabrikk i fullskala vil minst medføre 10 milliardar i investeringar og kunna gi fleire hundre arbeidsplassar i driftsfasen.

Håpar sommarfugl kan velte omstridde næringsplanar
Hydrogen må produserast av gass
Hydrogen til dette formålet må lagas av gass. Dette vil gi om lag 1/6 av prisen i forhold til om den vert laga av vatten. Teknologien som vert nytta medfører at gassen vert reinsa før den vert brent, då motsetning til reinsing av røykgass slik som er under utvikling på Mongstad i dag. Reinertsen har eit prosjekt på gang på Tjeldbergodden for Statoil, kor teknologien er i ferd med å utviklast vidare. Mongstad/Kolsnes er ideelt for utbygging av ein HUB for lagring av CO₂ ute i havgrunnen.
Det fremste petroleumsteknologiske senteret
Mongstad har også det desidert fremste petroleumsteknologiske senteret i Norge. Testanlegget for CO₂ reinsing av røykgass ligg og der. Eit hydrogenproduksjonsanlegg vil difor føya seg inn i den etablerte industriklynga.
Mongstad har i dag langt større førsetningar enn dei aller fleste andre stadar til å bli verdsleiande innan andre

Lene stifta selskap i mai. Sjekk lista over alle som gjorde det same