Nei takk til vindmøller i Stølsheimen

Utsikt frå toppen av Rusta mot Stordalen.

Utsikt frå toppen av Rusta mot Stordalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarNVE har fått i oppdrag frå Olje og energidepartementet å leie arbeidet med forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Den skal bestå av to delar; eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknader av vindkraft og kart over dei mest eigna områda.

Dette er i utgangspunktet ein bra tanke for no skal fossile energikjelder bytast ut med fornybare. Alle snakkar om det grøne skiftet som må kome og det må kome no. Då er vind – #8211;og solenergi område det skal satsast på. Tilfeldigvis har Norsk Vind Energi dukka opp med planar om ein vindmøllepark i Stølsheimen. Det skal investerast 15 milliardar kroner, slik at om lag 300 vindmøller kan reisast i dette fjellområdet.

Eg meiner heilt klart at dette må ikkje skje. Etablering av vindkraftanlegg medfører omfattande terrenginngrep som ikkje kan gjerast om seinare. Slike inngrep i natur og viktige friluftsområde får store konsekvensar for bla. naturmangfald, landskap og friluftsliv. I tillegg har naturen ein eigenverdi som me er forplikta til å ta vare på. Dette vil vere eit godt eksempel på arealøydelegging, noko som er den største trusselen mot biologisk mangfald på kloden vår i dag. Men igjen kan me verte vitne til at pengar går framføre alt.

Politikarar vert freista med pengar og store summar rett inn i kommunekassen høyrest bra ut. Men for kor lenge? Me ser at den lukrative vasskrafta ikkje kastar så mykje av seg lenger. Kvifor skal vindkraftproduksjon gjere det? I Stortingsmøte, onsdag 19. juni 2013, (sak nr. 6) vart det fremja sak der ein ville gje råka lokalsamfunn ein større del av verdiskapinga frå vindkraftproduksjon. Etter 45 minuttar med debatt vart resultatet av avstemminga – bifalles ikke. Spørsmålet som reiser seg er; Skal ein byggje ut absolutt alt for så å sitje igjen med ingenting anna enn øydelagd natur og nokre mil med grusvegar?

Her er det snakk om noko som det kan ikkje setjast ein kroneverdi på, men noko som er mykje større enn oss sjølve. «Industrialiserer» me Stølsheimen, vil fugle- og dyreliv og alt anna som lever her og prøver å halde naturen i balanse, verte den skadelidande. Sitjande kommunestyre i Modalen har sagt at matjord ikkje skal byggjast ned for då er den vekke for alltid. For meg er det i prinsippet det same som skjer dersom me slepper til utbyggjarar i fjella våre.

Eg støttar ein overgang frå fossile til fornybare energikjelder, men Stølsheimen er etter mi meining allereie utsett for eit stort press etter vasskraftutbygginga. Me treng i staden ei større satsing på energieffektivisering og – #8211;sparing, i tillegg til satsing på havvind. Her er det eit stort potensial for å redusere klimautslepp utan å bandleggje nye naturområde.

Me må våge å ta val som er upopulære no, men som vil bety noko for generasjonane som kjem etter oss. Ikkje berre i denne saka, men og i andre saker som vil påverke naturen vår i ei eller anna grad.

Kan òg nemne at kommunane Voss, Vaksdal og Lindås har hatt saka til politisk handsaming og seier nei til utbygging. Etter mi meining, vil det beste vera om Modalen kommunestyre gjer som andre kommunestyre i vårt nærområde. Sei nei til meir utbygging av naturen vår. Det er å satse på framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags