Gummi eller ikkje gummi?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevMens det brer seg ein vind av gummigranulatforbod gjennom heile landet valde Meland kommunestyre i møte den 14.juni og gå tilbake på eit samrøystes kommunestyrevedtak i mai-møtet om utfasing av gummigranulat på kunstgrasbaner.

Idretten i Meland er kanskje ei av den mest miljøvenlege idrettsorganisasjonane i landet. Det må ein kvar Melandbuar vere stolte av. Tvil aldri på at vi er heilt avhengige av det frivillige arbeidet som vert lagt ned, kvar dag, for at barn og unge i kommunen skal nyte godt av gode aktivitetar. Men frivilligheit, lik annan kommersiell eller ideell aktivitet, kan ikkje vere til hinder for god miljøforvalting. Vi som politikarar har fått i samfunnsoppdrag og forvalte kommunens tenester og naturressursar. Kva som trumfer kva i ein sak der desse to vert sett opp mot kvarandre kan vere ein hårfin balanse.

Men i denne saka må det ikkje vere noko tvil: Gummigranulat er eit stort samfunnsproblem! Vi har så vidt begynt å innsjå at plast og mikroplast er ein av vår tids største samfunnsutfordringar. Men vi har ikkje aning om kva konsekvensar vårt forbruk av desse produkta vil få. Mepex Consult sin rapport frå 2011 "Primary miroplastics pollution: Measures and reduction potentials in Norway" slår fast at gummigranulat frå kunstgrasbaner er ein av dei største kjeldene til mikroplastutslepp i Noreg. Rundt 1500 tonn mikroplast kjem på avveie frå kunstgrasbaner kvart år. Kvar bane inneheld rundt 100 tonn gummigranulat og må etterfyllast med ca. 10 tonn kvart år. Det er ein problemstilling som vi må ta på høgste alvor.

Kommunen og idretten i Meland kan gå føre og vise at vi gjennom tett samarbeid, felles mål og kloke prioriteringar saman kan stake ut kursen for ei meir miljøvenleg framtid, også for ein miljøbevisst idrett. For miljøet sin del så hastar det med å få på plass alternativ og det hastar med ei prioritering!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags