Misvisande av Naturvernforbundet

For Eide Fjordbruk er det viktig at debatten Naturvernforbundet legg opp til er basert på kunnskap og fakta, og me har forståing for at det nye systemet om produksjonsområde og trafikklys kan vere vanskeleg å forstå. Illustrasjonsfoto

For Eide Fjordbruk er det viktig at debatten Naturvernforbundet legg opp til er basert på kunnskap og fakta, og me har forståing for at det nye systemet om produksjonsområde og trafikklys kan vere vanskeleg å forstå. Illustrasjonsfoto

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarNaturvernforbundet har kome med ein uttale til vår søknad om å utvide arealet på vår lokalitet Langøy i Lindås kommune. Eide Fjordbruk er ein stolt produsent av høgkvalitetslaks, og me er særleg opptatt av å drive på ein miljøvenleg og bærekraftig måte.

Lokaliteten er godkjent for ein biomasse tilsvarande 4680 tonn. Vår søknad gjeld ikkje auka produksjon, men ei utviding av arealet på lokaliteten for å tilpasse drifta til nytt og moderne anlegg med plastringar. Eit slikt anlegg gir betre forhold for fisk og fiskevelferd og det vert enklare å iverksetje fleire preventive tiltak som er positive for fisk og miljø.

For Eide Fjordbruk er det viktig at debatten Naturvernforbundet legg opp til er basert på kunnskap og fakta, og me har forståing for at det nye systemet om produksjonsområde og trafikklys kan vere vanskeleg å forstå.

Trafikklyssystemet gjeld for alle løyva i eit produksjonsområde og ikkje for avgrensing av den enkelte lokalitet. Spørsmålet om den enkelte lokalitet si avgrensing i areal/storleik skal derfor vurderast uavhengig av fargen på trafikklyset i det enkelte produksjonsområde.

Produksjonsområdet som omfattar Langøy har fått raudfarge av departementet. Dette er noko Eide Fjordbruk og dei andre aktørane i dette produksjonsområdet tek svært alvorleg, og me jobbar iherdig for å betre situasjonen i området slik at påverknaden frå næringa vært akseptabel etter det nye trafikklyssystemet. Vår søknad om modernisering av anlegget på Langøy er eit av mange tiltak som vil kunne bidra til forbetring, som til dømes testing av ny teknologi og nye produksjonsmetodar.

Me vil også presisere at Nærings- og fiskeridepartementet ikkje har hatt nokon intensjon om å redusere dei områda som har fått raudfarge i denne omgang og det er derfor misvisande, når Naturvernforbundet legg dette fram som ein intensjon. Det er fyrst ved neste fargelegging i 2019 det kan bli aktuelt med nedjustering i dei raude produksjonsområda. Ei eventuell framtidig nedjustering vil være basert på ei vurdering av tilstanden i produksjonsområdet opp mot dei til ein kvar tid gjeldande miljøindikatorar. Desse kan indikatorane kan være endra i 2019.

Vårt og heile næringa sitt mål er at produksjonsområdet ikkje skal vere raudfarga i 2019. For å få til dette er me avhengige av å kunne ta i bruk moderne anlegg og utstyr som legg til rette for framtidsretta produksjon.»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags