Næringsvekst i Alver

Ministerens resept var den gamle, meir, meir, meir av det same før, det som har skapt eit mangfald av kriser. Er det framtida i Nordhordland å kopiere ein slik livstrugande strategi?, spør Lief Johnsen i dette lesarbrevet.

Ministerens resept var den gamle, meir, meir, meir av det same før, det som har skapt eit mangfald av kriser. Er det framtida i Nordhordland å kopiere ein slik livstrugande strategi?, spør Lief Johnsen i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKorleis få næringsvekst i Alver.

Kommunalminister Monica Mæland tala olympisk på Næringsseminaret i Knarren 12. februar: «Høgare, lengre, fortare», eller i høgreministerens språk: «det gjelder å henge med», i ein «stadig sterkere konkurranse», alt og alle «skal fortare frem».

Nils Vaage, direktør i ATEA, aktiv i velferdsteknologi, etablert i fleire land og i 24 byar i Noreg, fremja ein «desentral modell», krevjande, men - «fordi det er best for kundane». Han ville få «ungdom med studiepoeng heim att», og nemnde elitekorpset Eikanger-Bjørsvik som døme.

Karina Garnes Reigstad, leiar og folkevalt for MDG i Meland og næringsrådgjevar i Bergen kommune, viste statistisk at Noreg låg desidert sist i Norden i grøn omstilling. Kva må Nordhordland gjere? spurde ho og svara: «Det same som resten av verda gjer, sette i gang det grøne skiftet». «Morgondagens løysingar ligg i berekraftmåla til FN».

Nyttige tilrådingar?

Ministerens resept var den gamle, meir, meir, meir av det same før, det som har skapt eit mangfald av kriser –ressursmangel grunna rovdrift, forarming av matjord, rekordraskt tap av biologisk mangfald, auka forureining av luft og natur, plastforpesting som trugar livet i havet, press, stress og utbytting i arbeidslivet, livstilsjukdommar, global klimakrise. Er det framtida i Nordhordland å kopiere ein slik livstrugande strategi? Eller skal me realisere vår versjon av framtidas berekraftige løysingar?

Kva med døme Eikanger-Bjørsvik?

Kan næringslivet lære av deira suksess? Og har me tilsvarande suksessar i næringslivet? Er Motitech, som minister fekk sjå, eit lokalt døme? Eit er sikkert; EBML hadde ikkje vore der dei er i dag utan underskogen av «desentrale» små og større lokale korps som Nordhordland er kjend for. Lokale talent har hatt arenaer å utvikle seg på. Og EBML har sjølv bidrege sterkt til talentutviklinga med sine sommarleirar. Men - alle dei små, lokale korpsa hadde ikkje eksistert utan «desentrale» eldsjeler, foreldre, dugnad – og ein aktiv, støttande kulturpolitikk. «Kulturlivet kom nerdenfra, lokalt og opp!» skriv kultursjefen i Stavanger, Arnfinn Bjerkestrand, i KK 12. februar, og siterer Noregs første kulturminister, Niels Treschow (1751 – 1833): Statens endemaal er Cultur, intet andet enn Cultur (…) ethvert Folks saavel indvortes Fuldkommenhed som udvortes Velstand er grundet på Cultur. Maatte denne Grundsetning paa Folkets Repræsentanter og paa dets Regjering aldrig tabe sin Indflydelse!»

Motitech

Motitech, også nemnd på konferansen, er utvikla m.a. av personar frå det kulturmiddelstøtta prosjektet «Buss og Media» i Meland, ein tumleplass for unge talent kan ei seie. Kulturliv og kulturpolitikk er vesentleg for slike talentarenaer. EBML og Motitech er mellom mykje anna prov på at Niels Treschow forsto noko viktig.

Lærlingar

Paralellen til EBML og småkorpsa i næringslivet er sjølvsagt lærlingeordningane. «Desentrale» talentarenaer her er dei mange småverksemdene, arbeids- og fagkulturen der, kvalitet i eigarskap og forvalting, og offentlege støtteordningar. Og, som med EBML og korpsa, byggjer dette på den lokale KULTUREN, hos eigarar og arbeidarar, og til sist, i dei tusen heimar og hundre grendaskular, på arbeidsvanar og verdikultur der. Dette fokuset, nedanfrå, «desentralt» og opp, er viktigare enn stadig «høgare, lengre, fortare». Så ministeren hadde rett, han.

Leif Johnsen,

folkevald MDG Meland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags