«Det Meland ikkje torde fekk dei til på Lillehammer»

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Miljøvennleg kunstgras:Då Meland kommune i juni i fjor skulle vedta bygging av ny kunstgrasbane på Fossemyra, la Miljøpartiet Dei Grøne i Meland fram forslag om å fase ut gummigranulat i 2019, bli best på miljøvenlege fotballbaner og satse på innovasjon i fotballen. Eit samstemt kommunestyre stemte for vedtaket.

Veker etter gjorde dei store partia heilomvending i saka, fekk saka sett opp att og reverserte vedtaket. «Det let seg ikkje gjere, det blir for dyrt, det finst ikkje noko godt alternativ», var omkvedet.

Med stoltheit kunne Lillehammer kommune denne veka annonsere at dei har fått det til, dei satsar på miljøvenleg fotball. Og dei er heller ikkje åleine i kampen om å etablere Noregs første heilgrøne kunstgrasbane. Også Østfold fylkeskommune har sagt nei ikkje å støtte søknader om spelemidlar for baner med gummifyll frå 2019. Det same har Akershus fylkeskommune, frå 2020. Den kampen ville ikkje eit fleirtal av politikarar i Meland delta i.

Kunstgras. Gummigranulat.

Kunstgras. Gummigranulat. Foto:


I Lillehammer skal Unisport byggje Noregs mest innovative bane laga av resirkulert plast, med nyutvikla, etande granulat av økologisk sukkerrøyr, godkjent av FIFA Quality Pro og som attpåtil kan brukast til kampar i både meisterligaen og VM.


NFF er entusiastisk. Kommunen er stolt. Formannskapet var villige. Dei viser at det er mogeleg å leggje til rette for innovative innkjøp som set strenge krav til miljøvenleg anleggsdrift og faktisk møter anbefalingane frå Miljødirektoratet og Folkehelseinstituttet om å nytte alternative produkt til gummigranulat i kunstgrasbaner. Lillehammer kommune viser vilje til å betala to millionar kroner ekstra for å verne om lokalmiljøet og avgrense forureining av mikroplastutslepp frå kunstgrasbaner – som i 2011 vart påvist å vere ein av dei største kjeldene til mikroplastutslepp i Noreg.

Karina Garnes Reigstad meinar nye Alver kommune må løfta blikket og sjå til Lillehammer og kva dei har gjort for miljøvennleg kunstgras.

Karina Garnes Reigstad meinar nye Alver kommune må løfta blikket og sjå til Lillehammer og kva dei har gjort for miljøvennleg kunstgras. Foto:

Lillehammer kommune uttalar at dei har «gjort sitt beste for å finne ei løysing som både er god for miljøet, men også komfortabel for brukarane». Eg lurer på om Meland kommune kan seie det same? Om ikkje politikarane meiner det skal vere opp til idretten sjølv å gjere slike innovative investeringar, må Alver kommune ta ansvar! Intensjonsavtalen for samanslåinga av Lindås, Meland og Radøy seier at «beste praksis» skal gjelde i den nye kommunen. Eg håpar Alver ser til beste praksis i landet, løfter blikket, aukar ambisjonane og vel å gjere det enkelt for idretten å satse på miljøvenleg innovasjon i den nye kommunen!

Kunstgras. Gummigranulat.

Kunstgras. Gummigranulat. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags