Difor treng vi nytt kyrkjebygg i Meland

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevKyrkja og kyrkjelyden ønsker å vere nær det folket den tener. Visjonen er eit nært og tilgjengeleg kyrkjebygg for barn og unge, familiar og eldre. Her skal det vere rom for stor variasjon. Vi ser for oss eit felles vrimleområde der folk sit rundt småbord, drikk kaffi og koser seg mens praten går livlig, her kan vere dans for seniorar, eller kanskje ei flott kunstutstilling? Her kan barn og unge kome til leksehjelp, kor, bandøving og spelekveld, eller kanskje ein minikonsert med eit lokalt ungdomsband og eit begeistra ungt publikum? Eller rett og slett ei fullsett gudsteneste.

Meland kyrkje har ein rik kultur på frivillig arbeid, og desse medarbeidarane - i lag med staben - ønsker å bidra til gode tilbod heile veka - frå måndag til sundag. Vi har allereie i dag språkkurs for nye landsmenn, vi har Open Møteplass som eit tilbod på dagtid, vi har ein populær Babysong og ein del andre aktiviteter for barn, unge og vaksne. Men lokala ein disponerer i dag er dels dårleg eigna til formåla. Difor er tida meir enn moden for eit kyrkjebygg som kan fungere som møteplass, ha lågterskel aktivitetar med meining, tilby godt fellesskap for folk flest og vere ein stad der alle kjenner seg inkludert uansett tru og ståstad i livet. Det nye kyrkjebygget skal også romme kontor til våre tilsette der alle er hjarteleg velkommen til å slå av ein prat.

Det nye bygget kjem til å bli ei flott arbeidskyrkje. Annleis frå kyrkja på Meland frå 1866, som er ei seremonikyrkje, vil ei ny arbeidskyrkje vere eit hus fylt med aktiviteter heile veka gjennom. Saman møter dei to bygga behova i Meland - i kvardag, fest og høgtid!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags