JA til ny ungdomsskule på Frekhaug

Satsing på barn og unge er ei av kjerneoppgåvene til kommunen, og det er heilt på sin plass at FAU har sett fokus på dei fysiske forholda på skulen. Derfor vil vi vere veldig tydelege på at dette meiner vi er ei prioritert investering for den nye kommunen, og derfor har vi og vore tydelege på kva vi meiner må vente, m.a. ny kyrkje på Frekhaug, skriv Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) i dette lesarbrevet.

Satsing på barn og unge er ei av kjerneoppgåvene til kommunen, og det er heilt på sin plass at FAU har sett fokus på dei fysiske forholda på skulen. Derfor vil vi vere veldig tydelege på at dette meiner vi er ei prioritert investering for den nye kommunen, og derfor har vi og vore tydelege på kva vi meiner må vente, m.a. ny kyrkje på Frekhaug, skriv Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Alver Arbeidarparti vil takke FAU, SU v/rektor og elevrådet ved Meland ungdomsskule for at vi vart invitert til skulen måndag 3. juni. Det har vore snakka om, med varierande intensitet, ny ungdomsskule på Frekhaug sidan 70-talet, og det er viktig for elevar, foreldre og heile lokalsamfunnet at dette kjem på plass.

Arbeidarpartiet i Meland har i heile denne valperioden jobba for vi skal få realisert dette så snart som mogleg, derfor løfta vi ny ungdomsskule inn i økonomiplanarbeidet i desember 2016. Grunna den svært utfordrande økonomiske situasjonen til Meland kommune vart den tatt ut av gjeldande økonomiplan i desember 2018. Men Alver Arbeidarparti er tydeleg i vårt partiprogram for 2019–2023 at ny ungdomsskule på Frekhaug skal på plass. Så når Alver kommune vedtar sin første økonomiplan i haust, er det viktig at denne naudsynte investeringa blir tatt med.

Samstundes har vi starta arbeidet med områderegulering av Langelandsskogen, der det er planlagt for fleire offentlege funksjonar, m.a. er det sett av areal til ungdomsskule. Målet er å få denne områdeplanen vedtatt så fort som mogleg, då vil vi få avgjort kva tomt som konkret skal brukast til ungdomsskule og meir detaljert regulering og planlegging kan setjast i gong.

Satsing på barn og unge er ei av kjerneoppgåvene til kommunen, og det er heilt på sin plass at FAU har sett fokus på dei fysiske forholda på skulen. Derfor vil vi vere veldig tydelege på at dette meiner vi er ei prioritert investering for den nye kommunen, og derfor har vi og vore tydelege på kva vi meiner må vente, m.a. ny kyrkje på Frekhaug. Det er gledeleg at fleire parti no er ute og også lovar ny ungdomsskule, så får vi tru at dei er like tydelege på prioriteringane sine etter valet. For skal vi få dette til er vi avhengige av godt samarbeid mellom fleire parti. Her kan de stole på Alver Arbeidarparti, vi seier JA til ny ungdomsskule på Frekhaug.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags