Fortener ros for ny hall

Trond Egil Soltvedt er ein av fire personar som fortener skryt for at det kjem opp ein ny hall på Fossemyra i Meland.

Trond Egil Soltvedt er ein av fire personar som fortener skryt for at det kjem opp ein ny hall på Fossemyra i Meland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar:Ein ny innandørshall for fotball vil snart reise seg på Fossemyra i Meland. Trond Mohn har tidlegare vore bidragsytar for at Meland Aktiv blei bygd her. Denne gongen er det hall Mohn sørger for etter at det i mars i fjor vart kjent at han gjev 40 millionar kroner til prosjektet.

Det er berre å takke og bukke til milliardæren frå Bergen for at IL Kvernbit, Meland og Nordhordland får ei slik gåve. Utan pengane til Mohn hadde ein slik hall vore nærast umogleg å realisere no. Den ville truleg også ha sete langt inne å prioritere for nye Alver kommune. Som vi veit har Lindås, Meland og Radøy allereie ei rekke investeringar på gang og vil ha ei lånegjeld på over tre milliardar når dei slår seg saman i 2020.

Men i tillegg til Mohn fortener også IL Kvernbit og minst tre nøkkelpersonar ros for at ein får denne hallen til. For det krevst mykje også frå idrettslaget for å få til eit slikt løft.

Svein Arne Dale har jobba i Framo-systemet og er den gode lokale linken til Mohn. Olav-Tore Fosse må også nemnast. Han har jobba svært mykje med anleggsprosjektet. Og sist, men ikkje minst, Trond-Egil Soltvedt. Sjølv om Soltvedt er heiltidstilsett som dagleg leiar og har dette som jobb står han på både seint og tidleg gjennom heile året. Desse tre har ein stor del av æra for at idrettslaget har etablert kontakt med Mohn og no klarer å gjennomføre hallprosjektet.

Trond Mohn er kjent for å vere raus, men det er ikkje slik at han gir vekk pengane sine til kven som helst. Han likar at mottakarane har orden på økonomi, og forvaltar verdiane på ein fornuftig måte. Takka vere IL Kvernbit og desse tre nøkkelpersonane spesielt, kan bygginga av hallen no starte i juni.

Dette kjem garantert til å gje idretten eit løft. Ikkje berre i Meland, men også i nye Alver kommune. Idretten i regionen vår treng eit løft, og skal ein få framgang er noko av det smartaste ein gjer å investere i anlegg og bygge miljø. Deretter er det stor sjanse for at også dei sportslege resultata vil komme.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags