Ja kommune – Nei til kva?

Leif Johnsen.

Leif Johnsen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOrdførarkandidat Nils Marton Aadland, (H) vil at Alver skal vere ein Ja kommune (Nh avis 14. aug.) Ja til meir utbygging og næringsareal ved sjøen t.d. Dette er prioritering. Ja til dette er Nei til noko anna. Ein Ja- kommune er automatisk også ein Nei kommune. Det viktige er KVA ei seier Ja og Nei til.


Arealforvaltninga i Alver må framover prioritere natur og matjord mykje sterkare. I Meland, med høgrestyrt fleirtal har Ja-politikk betydd Nei til mykje: Nei til natur og biologisk mangfald, ein minst 1000 år gamle elvemuslingstamme, levekraftig fram til 2009, eit verdsansvar for Noreg og Meland, er desimert, truleg utrydda, av utslepp frå utbyggjarar, (siste i år), bekkar lagt i røyr når andre kommunar opnar slike opp, laussleppt dispensasjonspraksis i LNF areal (landbruk natur friluft), bustad, hytte og veg tar matjord, oppdrett i urørt fjordområde.


Same utdaterte Nei-politikk til natur vil no Høgre ha i Alver: byggje ut Midtmarka på Flatøy og Lonena i Knarvik, ein Ja kommunepolitikk som har vist seg å vere Nei til natur og truga artar, som blir Nei til å sikre sentrale naturområde for rekreasjon, undervisning og turisme, nærare enn nært for 4000 elevar, midt i Alvers største og tettaste busetnad. Nei til å ta vare på det nærast urørte, unike lagunelandskapet Flatøyosen, med historie så langt tilbake som det har budd menneske her.


Me treng endring no, Alver må bli ein Ja kommune til natur og berekraftig arealbruk, Ja til livskvalitet for natur -og menneske. Det heng saman.
Leif Johnsen, 1.-kandidat MDG Alver

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags