Alver kommune MÅ satse på det førebyggande arbeidet

Alver kommune MÅ satse på det førebyggande arbeidet, skriv Øyvind H Oddekalv (APj i dette innlegget.

Alver kommune MÅ satse på det førebyggande arbeidet, skriv Øyvind H Oddekalv (APj i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet viktigaste i livet må vere det viktigaste i politikken. Derfor ønskjer Alver Arbeidarparti at skule, barnehage og gode oppvekstmiljø for våre barn, og god pleie og omsorg for våre eldre er av dei viktigaste sakene i valkampen i Alver kommune. Og derfor er det viktig å ha fokus på det førebyggande arbeidet i Alver kommune.

Førebyggande arbeid er gjerne det viktigaste ein kommune kan gjere, men det kan vere utfordrande. Godt førebyggande arbeid gir ingen kortsiktige gevinstar, og det får gjerne ikkje umiddelbare konsekvensar om ein avsluttar eit førebyggande tiltak. Derfor er det ofte ikkje dei gode førebyggande tiltaka som blir budsjettvinnar i tronge kommunale budsjett, men ein betaler gjerne ein høg pris når det har gått nokre år. Derfor ønskjer Alver Arbeidarparti at vi satsar sterkt på det førebyggande arbeidet i den nye kommunen.

Lat oss bruke Meland kommune som døme. Vi har opplevd utfordringar i ungdomsmiljøet dei siste åra, og derfor har dei folkevalde sett inn ein god del tiltak. Her må vi trekke fram ei prosjektstilling som jobbar med ungdomsmiljøet i både skule og fritid (prosjektet Trygt og godt oppvekst- og skulemiljø). Vi har og tilsett ungdomskoordinator, noko som gir kontinuitet og system på ungdomsarbeidet. I tillegg har vi fått på plass UngMeland, slik at det igjen er eit tilbod om ungdomsklubb i kommunen. Denne satsinga vil få eit løft når Meieriet på Frekhaug blir klart i løpet av hausten. Dette er førebyggande arbeid i praksis, og vi er overtydde om at det vil gi gode resultat på sikt.

Alver AP har tru på å satse på det førebyggande arbeidet i nye Alver kommune. Derfor ønskjer vi å styrke både skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Stadig fleire av våre unge slit med psykiske problem, og derfor er det viktig at skulehelsetenesta har mannskap til å møte desse utfordringane. At psykologtenesta til kommunen òg er aktivt med i dette arbeidet tenkjer vi er sjølvsagt.

Vi ønskjer òg eldre som er sjef i eigne liv, og som kan bu heime så lenge dei ønskjer dette. Helsestasjonen er eit godt førebyggande tiltak, og for dei eldre. Her skal dei kunne møte ein helsesjukepleiar for eldre og få gode råd og tips om t.d. kosthald og ernæring, korleis førebygge fall og balanseproblem, kva hjelpemiddel kan gjere kvardagen enklare, få hjelp kring nettverk og sosiale forhold eller generell rettleiing om ulike kommunale tenester. Derfor ønskjer Alver Arbeidarparti, slik nokre andre kommunar i landet har gjort, å etablere helsestasjon for eldre i Alver kommune.

Synes du og at det er viktig å satse på det førebyggande arbeidet i Alver kommune? Då håper eg at du vil gi di stemme til Alver Arbeidarparti i haustens val.


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags