Vil ha videoundervisning av elevane i ungdomsskulen i Masfjorden

Jon Hope

Jon Hope Foto:

Av
DEL

Samanslåing av ungdomsskulen i Masfjorden:Masfjorden har no samanslåinga av ungdomsskular ute på høyring. Det er framlagt fleire alternativ, men ingen synest eg er brukande, fordi det vil føra til lengre arbeidsdagar for ein stor del av elevane.

Underskrivne var med i kommunestyret då det i 1964 sentraliserte skulen i Masfjorden frå 16 til 3 krinsar, Matre, Nordbygda og Sandnes.

Ungdomsskulen skulle me etter planen ha saman med Gulen og Lindås. Sandneselevane skulle til Lindås, og elevane på Matre og i Nordbygda skulle til Gulen. Men usemje i Gulen om stadval for ungdomsskulen gjorde at Masfjorden i 1966 søkte om eigen ungdomsskule. Det fekk me, men det synte seg at reisene vart for lange for mange av elevane. Det førde til at Matre fekk mellombels ungdomssteg.

Og då Nordbygda i 1976 fekk nytt skulebygg, søkte dei om å få ha 7. klassen der. Dette førde til at ungdomsskulesaka vart teken opp att på nytt, og me vedtok i 1978 at det skulle vera ungdomssteg ved alle tre skulane. Slik har me hatt det i 40 år.

Når samanslåing har kome på tale att, så er det fordi elevtalet har minka, men avstandane er som før.

Eg meiner difor at i staden for å slå saman ungdomssteget, må ein ta i bruk ny teknologi. Og i juni 2018 vedtok kommunestyret at det skal førast fiber fram til alle husstandar i kommunen. Dermed vil alle elevane kunna orientera seg heimanfrå ved hjelp av PC.

Eg meiner likevel ikkje at ein skal gå over til heimeundervisning. Eg tenkjer meg at elevane møter på dei tre skulane som før, men at læraren underviser frå ein av skulane, og så kan elevane på dei andre skulane fylgja med, ved hjelp av fjernsyn og andre tekniske hjelpemidlar som no er i bruk.

Kostnaden med å få fiber fram til alle hus vil då få eit utvida bruksområde, og såleis verta meir til nytte.

Eg ser ikkje for meg at dette treng nyttast i alle fag. Sjølv har eg også arbeidd i samla skule, og kjenner dei utfordringane som var med det.

Dette vil nok krevja eit tettare samarbeid mellom skulane når timeplanen skal leggjast, men problem er til for å løysast.

Mitt hovudmål med dette er å skjerma elevane, slik at dei ikkje må bruka meir tid til bussreiser. Forsking har og vist at når desse vert lange, kan elevane få problem med hovudverk og kvalme.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags