«– Her har Senterpartiet si fylkestinggruppe gjort ein utruleg dårleg jobb»

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevNedlegging av tannklinikkar - Som å sjå inn i ei spåkule?


Det vart oppstandelse i Masfjorden Senterparti då ein kunne lese i lokalavisene førre veke at tannklinikkane i Masfjorden, Modalen og Fedje skulle leggjast ned. Det har lenge lagt i korta at dette skulle bli ein realitet, men Senterpartiet i Masfjorden hadde håpt på at representantane våre på Fylkestinget skulle stå opp for denne saka, og stemme imot nedlegging av desse tre lokale tannklinikkane. Når ein no les at alle representantar for Senterpartiet har stemd for eit slik forslag, er det som om ein kjenner gallesmaken i munnen.

LES OGSÅ: Fylkeskommunen legg ned tannklinikkar: – Dette er ei rasering

På Fylkesårsmøte for Senterpartiet vart det oppfatta av representantane frå Masfjorden at det var stemning for å stemme mot forslaget til nedlegging, og under behandlinga av saka var det eit einstemmig fylkesårsmøte som gjekk inn for å ikkje forandra dagens tannklinikkstruktur.

Etter dette verkar det som at Jon Askeland og resten av representantane frå SP har hatt det travelt. Dei har omtrent ikkje fått vaska skjortene sine etter årsmøte før dei reiser på Fylkestinget og stemmer FOR ei nedlegging i Masfjorden, Modalen og Fedje. Tydelegvis vart den økonomiske ansvaret så overveldande at fleirtalet bestemte seg for å legga ned tannklinikkane i dei kommunane som har lengst reiseveg; Masfjorden, Modalen og Fedje. Nokre av innbyggjarane i Masfjorden, i Modalen og på Fedje må no tåle ein reiseveg på mellom tre og fire timar for å få stelt tennene sine.

LES OGSÅ: – Nærleik og kortreiste tenester er best

Me i Masfjorden senterparti er vonbrotne over dette valet, og har fått ei forståing av at det har vore gjort ein hestehandel her. Men kva har Masfjorden å tene på denne handelen? Me ser at elevane våre misser verdifull undervisningstid no når me må reise til Knarvik for å komme oss til tannlegen. Er det høveleg reisetid med tre til fire timar for nokre av  innbyggjarane i Masfjorden?  Og sparar Fylkeskommunen så mykje på å leggje ned tannklinikken i Masfjorden? Dette vil framleis gje fylkeskommunen kostnader, for fylkeskommunen må betale reiseutgiftene for born og for eldre som bur på sjukeheim eller har anna form for hjelpetenester.

Me i Masfjorden Senterparti vil berre seie at her har senterpartiet si fylkestingsgruppa gjort ein utruleg dårleg jobb og stikk i strid med det som vart bestemt på fylkesårsmøte;  dette Jon Askeland, vil påføre samarbeidet blant senterpartilaga i Nordhordland eit stort sår, og  me såg ikkje dette komma frå  våre eigne.

LES OGSÅ: Berre ein forsmak på storkommunesentraliseringa

Når me tenkjer på kva Modalen og Masfjorden som kraftkommunar bidreg med av kapital til fylkeskommunen, er dette ein sur pille å svelgje. Politikarane i  Masfjorden med ordførar Karstein Totland i  spissen, har jobba hardt for å behandla denne tenesta i kommunen, og når me veit at det er politikarar frå nabokommunane som er med å stemme for nedlegging, undrar me om dette er berre forsmaken på kva som kjem til å skje i utkantane dersom det vert ein eventuell storkommune i Nordhordland, der det viktigaste visstnok skal vera å gje innbyggjarane GODE TJENESTER  NÆR DER DEI BUR.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags