Bronseplass i arealpolitikken?

Jostein Duesund ( til venstre ) og Ørjan Daae

Jostein Duesund ( til venstre ) og Ørjan Daae Foto:

Av
DEL

LesarbrevMasfjorden Framstegsparti har sin eigen talknusar som likar å laga statistikkar og setja tal i samanheng. Det har han også gjort i samband med den nyleg vedtekne arealdelen av kommuneplanen, vedteken i kommunestyret den 9 mai 2019.

Når ein høyrer på lokalpolitikarane i kommunen vår, er det i stor grad semje om eit mål om at fleire skal busetja seg i kommunen. Alle er samstemte om at det er svært viktig at ein får nye innbyggjarar, ja spesielt ungdommen som vil tilbake til Masfjorden. Derfor meiner alle partia at me skal være en JA – kommune i arealsaker.

Kva vart så resultatet av prosessen med arealplanen? Fekk alle som ein JA - stempelet sitt fra kommunen på sin søknad om bustadsareal? Eller var det Fylkesmannen som var den store ulven?

Kan vi sei at vi er en JA- kommune?

Den 9 mai vedtok kommunestyret at 18 søknadar om nye arealområder til budstader skulle godkjennast og leggjast inn i arealplanen. Dette er mange gode plassar som mange familiar kan få byggja sin budstaddraum. Og det er kjempebra for dei.

Men det er eit stort MEN: 18 av 31 søknader gir en JA-prosent på 58 %. Kan en sei at ved nesten 60 % tilslag, at det kvalifisere til Gull i klassen som JA!!- kommune?

Bronse eller en god tredje plass er vel den beste karakteren me vil gje.

13 søknader, altså 42 %, vart avvist. Riktig nok skal Fylkesmannen delvis ha æra for at 2 søknadar vart stogga.

Kommunen si eiga planavdeling la fram påstand om at 12 saker (38 %), skulle avvisast ved første høyringsrunde. Kor var JA-stempelet i planavdelinga? Hadde dei vore på synfaring, kontakta søkjar og skaffa seg lokalkunnskap om dei sakene dei så bastant skulle stoppa?

Svaret er NEI!!

Bak dei 13 søknadene om nytt areal til budstadområder, er det minst 13 familiar som ikke får lov til å byggja bustaddraumen sin. Dei kjem kanskje heller ikke til å flytte til Masfjorden. Ein kan sikkert sei at dei kan byggja på eit av dei andre nye områdene i arealplanen. Problemet er at det var ikkje det dei drøymde om.

Masfjorden Framstegsparti meiner at første gjennomgang av innspel til areaplanen skal medføra minst 80% JA – stempel. Dersom ein vil stempla nei på noko, skal det foretakast synfaring med relevant kompetanse frå kommunen si side.

Dersom me verkeleg vil ha ungdomen heimatt, samt nytilflytta innbyggjarar, er det ei lita investering å ta før ein knuser draumane til folk. Dersom Fylkesmannen set seg på bakbeina skal han overprøvast - og han skal verkeleg få arbeida med bevisa han kjem med.

I Masfjorden kommune er det kommunestyret som tek avgjerdene.

Jostein Duesund og Ørjan Daae,

Masfjorden Framstegsparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags