«Dei kronisk sjuke i grisgrendte strøk vert hardast straffa»

Av
DEL

LesarbrevFrå 1. oktober 2016 innførte Helsedepartementet nye reglar for transport til lege/ fysioterapi. Pasientar som ikkje har medisinsk grunngjeving, og som bur innanfor grensa for 10 km til behandlingsstaden, må dekke transportutgiftene sjølve. Andre som bur lenger vekke, får drosjetransporten dekka med eigendel som inngår i frikortordninga.

Dette meiner vi er diskriminering overfor dei brukarane som bur i distriktet, der offentleg transport er nærast fråverande. Til dømes i Masfjorden er det ikkje busstilbod mellom kl. 8 og 14 (kl. 8 og 17 i skuleferiar). Ei reise med drosje for desse pasientane kan fort komme opp i kr 500,- t/ r.

UDI svarar på kritikken mot asylmottaket 

Det er spesielt dei som er kronisk sjuke og som bur i meir grisgrendte strøk som vert hardast straffa ved dei nye reglane for transport. Det kan fort bli til at dei som treng det ikkje prioriterer naudsynt behandling, f eks hos fysioterapeut, på grunn av at kostnadane med reiseutgifter blir så store. Dette vil gå sterkt ut over livskvaliteten til dei det gjeld og kan igjen gjere seg utslag i sjukmeldingar og i verste fall at desse personane vert uføretrygda på grunn manglande behandling/oppfølging.

Det kan vel ikkje vere dette utfallet Helsedepartementet og styresmaktene har sett for seg som ei ønska utvikling i eit land der vi snart er like mange uføre og pensjonistar som vi er arbeidstakarar. Dette vil og auke ulikskapen mellom by og land, mellom dei som tenar godt og har god råd og dei som ikkje er fullt så heldig stilt.

Berre å ta av seg hatten 

Det bør ikkje ligge økonomiske føresetnadar til grunn for om ein pasient ser seg råd til å gjennomføre naudsynt behandling eller ikkje.

For samfunnet og fellesskapet er det viktig at så mange som mogleg av oss kan vere i arbeid og på den måten bidra til å sikre velferdsstaten som vi alle er avhengige av og nyt godt av.

Vi er no inne i eit valår. Eg vil oppfordre alle til å jobbe for at det blir likestilling mellom by og land, dei som har god økonomi og dei som ikkje er fullt så heldige, dei som er friske og dei som er sjuke – anten kronisk eller for ein periode av livet.

«Eg takkar for at de bryr dykk» 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags