Gje meg ein klem!

Jostein Duesund, Masfjorden FrP

Jostein Duesund, Masfjorden FrP Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg er ordførarkandidat for Framstegspartiet i Masfjorden – og det er ei ære! Særleg ærefullt vert det når Venstre sin tidlegare kommunalbyråd for byutvikling meiner at eg og andre bompengemotstandarar fortener å få ein klem. Ja, bompengemotstandar er eg, men eg treng ingen klem for det. Strengt tatt treng eg ikkje at nokon klemmer meg, men det er jo hyggjeleg å verta påspandert ein klem frå Venstre i regionen si største avis Bergens Tidende!

Det er andre grunnar du heller kan gje meg ein klem for. Mellom anna fordi eg meiner du er unik og at det er du som veit best kvar skoen din trykkjer. Eg meiner og at du skal vera herre og meister på eigen grunn og at ein båtplass er ein menneskerett som ingen Fylkesmann i verda skal kunne stogga – dersom kommunen seier ja. Eg meiner og at borna er vår største formue og er klår på at eg skal forsaka mykje, berre borna har det godt i barnehagen og på skulen. Eg meiner at ein velikehalden veg er god miljøpolitikk, i og med at køyretøyet brukar mindre drivstoff og får færre slitasjeskadar av den enn ved ferdsel på ein dårleg veg. Eg takkar høfleg nei til både NVE og dei tyske vindmølleinvestorane som vil ha vindparkar i Masfjordfjella. Vidare meiner eg at det kommunale sjølvstyret ikkje er sterkt nok, med det til følge at mange saker vert avgjort i disfavør av kommunen – på grunn av manglande lokalkunnskap. Eg er sterkt for ei god og verdig eldreomsorg, som og vil sei at alle varme hender er noko eg er sterkt for.

Så gje meg gjerne ein klem, men ikkje nødvendigvis for bompengemotstanden.

Jostein Duesund
Ordførarkandidat
Masfjorden Framstegsparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags