Ikkje spar oss til fant! La bokbåten leve!

- Ta vare på den unike Bokbåten Epos, skriv Silje.

- Ta vare på den unike Bokbåten Epos, skriv Silje. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg er fødd i 1975, og frå førskuleåret budde eg på Sletta i Radøy kommune. Sletta kai er eit bokbåtstopp, og det trur eg det har vore sidan bokbåten byrja å gå.

Bokbåten har i Hordaland vore i drift i 60 år. Bokbåten er unik, og passar perfekt til å ta seg fram til fjord-, kyst- og øysamfunn der det er langt til næraste bibliotek.

Då Bokbåten låg til kai, var det jubel i bygda. Det å få lov til å gå om bord i ein båt, og få oppleva kulturinnslag og få låna bøker. Det var jo reine kinderegget! Båt, bok og moro!

Eg tenkte vel heller lite på bokbåten då eg vart ungdom. Eg hadde meg ein tur på studier i 1995, men vende nasen mot den grøne øya att i slutten av 2003. Då vi fekk eigne born tok vi til å ta dei med på bokbåten. Det var stort for våre to små, og sjølvsagt for foreldra, som begge vaks opp på stader der bokbåten la til kai.

Sidan 2016 har eg sjølv fått den store gleda å vera med bokbåten på seilas i små eller litt lengre periodar. Det har vore utruleg kjekt og gjevande, og noko av det mest nyttige eg har gjort i heile mitt mangslungne arbeidsliv. Å sjå borna stå på kaien og ta båten imot. Å høyre dei skrike i skrekkblanda fryd når kaptein Vinnes blæs i skipsfløyta. Å oppleve kor engasjerte dei vert når dei ulike kulturmedarbeidarane fortel og forklarer, og til slutt få låne ut bøker. Bøker i hopetal; direkte til borna eller som eit godt supplement til litt utdaterte skulebibliotek eller barnehagesamlingar.

ALLE som meiner dette tilbodet er utdatert, bør ta seg ein tur på denne båten. Dei bør oppleva den gode stemninga og atmosfæren, og oppleve kor engasjerte ungane og dei vaksne kan verta. På mange av stadane båten legg til, er det langt til næraste bibliotek. Lånetal og besøkstal har dei siste åra vore aukande. Ein legg ikkje ned tilbod som er i vekst!


Det er stadig fokus på kunnskapskløft og fattigdom blant barn i Noreg. Denne er aukande. Å gje borna meir gratistilbod som kan motverke fattigdom og kunnskapskløft, er noko eit fylkesting med SP i leiinga bør satse på. Det er eit offentleg ansvar, når slike tendensar får utvikla seg. Å gje born gratis kulturtilbod desentralisert i fylket, er eit viktig steg mot sentraliseringa som aukar i heile landet.

Dei siste godt og vel ti åra er det nokre forståsegpåarar som kvart år foreslår å leggja ned Bokbåten Epos. Så også i 2019, ved inngangen til eit nytt, gigantisk Vestland fylke. Argumentasjonen er manglande. Fylkesrådmannen skuldar på at tilbodet er gått ut på dato, og føl på med at pengane skal brukast til andre tiltak for å modernisere biblioteka i fylka.

På fylkesårsmøtet i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke hadde eg ei sak på hjartet då eg fekk tre minutt på talarstolen. Eg bad om at Bokbåten Epos vart teken inn i programmet til Senterpartiet i Vestland. Når valet var over og koalisjonen skulle skrive under den politiske samarbeidsavtalen, står det svart på kvitt på s. 9 i avtalen: «Styrke folkebiblioteka og sikre eit desentralisert bibliotektilbod og vidareutvikle bokbåttilbodet til fjord-, kyst- og øysamfunn i alle deler av fylket. Biblioteka er viktige møtestader for menneske med ulik kulturell og sosial bakgrunn.»

Kjære fylkespolitikarar! Ikkje spar oss til fant! Ta vare på den unike Bokbåten Epos!

Helsing Silje Namtvedt


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags