For meg og for vår bedrift vil ei slik utbygging bety slutten

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vindturbin-prosjekta har ingenting med «grønt skifte» å gjere». Energien er ikkje «grøn», og den vert ikkje brukt til å redde jordkloda.

DEL

LesarbrevNorsk Vind Energi AS har vore hjå grunneigarane og tre kommunar og spurt om dei vil godta ei enorm utbygging av vindturbinar i Dyrkolbotn og fjellområda rundt oss. Mot enorm betaling.

Oppå Eggjane og bakover fjella heilt til anleggsvegen i Masfjorden er det planlagt 30 kollosale vindturbinar. Dei er opp mot 250 meter høge. Då må det byggast tilførselsveg pluss 22 kilometer veg oppå fjellet, fem meter brei med god standard. Enorme lastar skal transporterast. Utbyggingskostnaden kan bli om lag 1,5 milliardar kr.

Vil øydeleggje naturopplevingar

I tillegg ser utbyggjaren på to andre utbyggingsområde av same storleik. Eit av dei har vindturbinar på rekkje og rad vest for oss. Oppå Blåfjellet, og på fjella vestanfor. Det tredje området ligg nordaust for oss, og tilhøyrer Modalen kommune.

For meg og for vår bedrift vil ei slik utbygging bety slutten.

Dyrkolbotn vert liggande i eit gigantisk anleggsområde med rasert natur.

Torsdagsturen til Eggjane må ta slutt. Eg vil ikkje risikere at elevane våre vert drepne av isklumpar som vert kasta ut frå dei enorme rotorblada. Og kva skal vi forresten opp på Eggjane etter då? Gråte over utsikta og fuglelik? Det er vind-monster som vert planlagt, ikkje fine små gamaldagse vindmøller.

Driftsgrunnlaget for Dyrkolbotn leirskule og fjellstova er urørt natur, tradisjonelt jordbruk og småskala næringsliv. Vi formidlar korleis folk har levd her før, og korleis dei tenkte. Korleis kan vi klara oss vidare og bruke naturen på ein berekraftig måte?

Vil halde på tradisjonane

Mange har gode minne herifrå: turar med kart og kompass og kanskje hestar, hopping i høyet, mjølking av kyr og geiter, laga geitost, steike eigenfiska aure på bål og stormkjøken, padle kano, overnatting ute, lage ting i smia, kike på elvekraftverket, rappellere ned stup. Velje emne sjølv, og meistre oppgåver i lag med andre. Historier frå gamle dagar som knyter tidene saman.

Det går bra med oss no. Vi har kome langt. Vi har brukt alt vi har av krefter og pengar for å utvikla staden. Alle luftspenn er lagt i jordkabel. Rein, urørt natur over vatn og kulturlandskap gjer sterkt inntrykk på gjestene. Geitestøl og smie er bygd og i drift.

Grunnarbeidet er snart ferdig for nytt våningshus på «leirskulegarden». Med varmestove for folk som kjem forbi, kjøken og seks utleigeeiningar for tilsette og gjester. Mange har hjelpt til, både private, firma, gjestegrupper, banken og kommunen med næringsfond blant anna.

Vi trudde at no var det snart slutt på dei store problema. No er det fint og godt, og sidan skal det sakte men sikkert bli endå betre, tenkte vi.

Men så kom lokkemennene. Eg er redd for at den førespegla betalinga er så stor at dei rundt oss vil selja seg. Og oss. Kommunane kan få mykje skattepengar. Tre grunneigarar kan få på deling seks millionar kroner ved oppstart pluss tre millionar årleg. Økonomien er elendig i jordbruket, og gjelda er stor for enkelte. Tenk å sleppe alle økonomiske bekymringar for resten av si levetid!

Eg kan forstå det. Men eg godtek det ikkje. Det er ikkje rett. Ingen ting er rett med denne naturkatastrofen som er i emning.

– Ikkje miljøvenleg og grøn energi

Det er ikkje miljøvenleg «grøn» energi som vert produsert i desse vindturbinane. Det er enorme miljømessige kostnader med produksjonen. Og energien trengst ikkje. Det er ikkje eit «energibehov» at Bør Børson vil bli rik på å selje straum til utlandet. Eller til oljeboreriggar. Eller til eit enormt aluminiumsverk som skal bruke 4 terrawattimar i straum.

Vindturbin-prosjekta haringen ting med «grønt skifte» å gjere». Energien er ikkje «grøn», og den vert ikkje brukt til å redde jordkloda.

Tvert imot: energien er bensin på vekst-bålet til bysamfunn som driv handel på å transportere ting att og fram. For kvar handel sit det folk som tek ut gevinst til seg sjølv, – dei «realiserer» distrikta sine ressursverdiar, og gjer oss til fe. Vi vert tenarar, og får ikkje bestemme kva som er rett og god bruk av våre areal. Tene i staden for å styre og å skape.

Kva for eit menneskesyn er det som rår i samfunnseliten? Ikkje rart at demokratiet forvitrar!

Redd for utkontraktering

Sa eg «Norsk Vind Energi AS»? Ja, dei skal byggje det. Men etterpå skal det seljast og eigast og bestemmast over av folk som driv med pengeplassering. Eit tysk pensjonsfond er nemnt.

Pengar har ikkje verdi i seg sjølv. Verdien ligg berre i det som vert skapt/kjøpt for pengane. I Dyrkolbotn og på fjella rundt er det allereie enorme verdiar. Meir enn noko som kan kjøpast for all verdas pengar, meiner eg. Lat oss framleis få vakta og verna og utvikla det lokalt!

Norsk Vind sa på møte 27.06.18 at dei ikkje går vidare med utbyggingsplanar der kommunen seier nei i utgangspunktet. Norsk Vind har vore på møte med politisk og administrativ leiing i Lindås kommune. Der sa kommunen nei til vindturbinar på eit fjerde område på fjellet «Austlendingen» som ligg over Eikefet-tunnelen. Av di dette er eit mykje brukt turområde. Så den utbyggingsplanen er lagt bort.

Norsk Vind sa også at dei no vil ta ny kontakt med Lindås kommune for å drøfte områda rundt Dyrkolbotn.

Kjære kommuneleiing: Ver så snill og sei nei!

På same grunnlag her inne som for Austlendingen. Og av mange fleire grunnar. Ikkje lat oss på nytt bli utsette for areal-strid og splitting. Vi har opplevd det før, og mista mange gode folk og framgang. Det må ikkje få skje på nytt!


Vikanes, 30.06.2018

Signhild Dyrkolbotn

Dyrkolbotn Fjellstove

Leirskole og gjestehus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags