Storstova, fleirbrukshall eller skulebygg?

Storstova på Leiknes.

Storstova på Leiknes. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Er det slik at Lindås kommune taler med to tunger; ei når det gjeld økonomisk stønad (spelemidlar) og ei når det gjeld skjenking?

DEL

LesarbrevI Fylkestinget sitt utval for Kultur, Idrett og Regional utvikling (KIRU) den 14.09.2016 var følgjande på sakskartet; Sak 110/116 Tilskot til lokale kulturbygg 2016 - finansiert med spelemidlar frå Norsk Tipping. I vilkåra for tildeling står det at « Tilskotet kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller lokale for kunst og kultur... Bygningen skal i størst mogeleg grad fungera som kulturelle møtestader for alle grupper»

Av innkomne søknader finn me Lindås Kommune datert 21.03.2016 ved Storstova. I søknaden kan ein lesa at Storstova er definert som både kulturbygg og fleirbrukshall, og det vert søkt om eit tilskot på kroner 851 000. I søknaden frå kommunen heiter det videre «Storstova vert ein fleirbrukshall for idrett og kultur.... og at det lokale ungdomslaget med revy/teater vert ein viktig brukar av scena saman med blåserorkester og kor». På bakgrunn av søknaden innvilga me i KIRU 500 000 til fleirbrukshallen Storstova.

Nokre månader tidlegare den 07.01.2016 kom det også ein søknad frå Lindås Kommune som gjaldt Storstova. Denne gongen er det søknad om spelemidlar knytta til idrettsanlegget. Navnet på søknaden er Storstova - fleirbrukshall for idrett og kultur. I merknad til søknaden frå kommunen står det « fleirbrukshall for scene, sosialrom , styrkerom mm». Søknadssummen er 4,4 millioner...

Dette er berre to eksempler og bevis på at Lindås Kommune har definert Storstova som ein fleirbrukshall. Er det då slik at kommunen talar med to tunger - ei når det gjeld økonomisk vinning og ei når det gjeld skjenking?

Eit anna eksempel på at Lindås kommune definerte Storstova som fleirbrukshall er i budsjettvedtaket for 2017, der satsene for skjenking i Storstova vart einstemmig vedteke.


Som tidlegare leiar i Levekårsutvalet og varaordførar i Lindås kommune har eg følgt prosjekter Storstova frå begynnelsen til endelig vedtak. I denne prosessen har Storstova blitt omtalt som fleirbrukshall, der til og med ordføraren uttalte ved fleire offentlege anledninger si begeistring for at kommunen no snart fekk sin tredje fleirbrukshall. På bakgrunn av dette vart skjenking i Storstova aldri noko politisk sak fordi Storstova var ein fleirbrukshall og skulle behandlast på lik linje med NH- hallen og Lindåshallen, dvs skjenking.

Desse eksempla vitnar om krystallklar argumentasjon for at både administrasjonen og politikarar har definert Storstova som ein fleirbrukshall. Det var derfor med stor undring at Lindås Kommune i vår tok heilomvending og definerte Storstova som kombinert skulebygg, dvs uten skjenking.

Saka skal no til politisk behandling gjennom rullering av Alkoholpolitisk plan. I saksutgreiinga vil rådmannen definere Storstova som kombinert skuleanlegg og NH- hallen og Lindåshallen som fleirbrukshallar, altså skjenking til dei to sistnevnte og ikkje til Storstova. Begrunnelsen for å gje skjenking til dei to hallane er « dersom utleigelokale i nærområdet ikkje er stort nok». Visst rådmannen kjenner historia så var der nettopp dette som var argumenter for å byggje Storstova; ungdomshuset på Hjelmås vart for lite til ei veksande bygd med revylag/ konsertar osv, nettopp same argument som rådmannen har brukt i søknaden om spelemidlar.

Samstundes rosar rådmannen bygdefolket for dugnadsinnsatsen som resulterte i 1,7 millionar. Dugnadsinnsats for Lindås Kommune sitt skulebygg? Eg forstår at mange i bygda føler seg lurt; dette var Iallefall ikkje i tråd med forventningar og likebehandling samanlikna med dei andre hallane.

For politisk leiing er det enno tid å snu, slik at Storstova faktisk vert ein fleirbrukshall med mulighet til skjenking på lik linje med Lindåshallen og NH-hallen. Det er i tråd med forventningane og ikkje minst i samsvar med søknadene frå Lindås Kommune om spelemidlar frå Hordaland Fylkeskommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags