Lindås SP: vass-scooterkøyring kan vera ein tryggleiksrisiko for dei som seglar, ror, padlar og badar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevRegjeringa har vist handlekraft, og oppheva forskrifta for bruk av vass-scooter.

Men for å synleggjera sin omtanke for lokalt sjølvstyre, opnar dei for at kommunane

«ved behov kan fastsette lokale forskrifter».

Vedtaket er sikkert ein siger for individuell fridom, spørsmålet er om alle er i stand til å forvalta denne fridommen.

Når det gjeld fart på sjø og vatn finst det berre ein generell regel i Forskrifta frå 2009:

«Fartøy som nevnt i § 1 som passerer innenfor en avstand av 50 meter fra steder hvor bading pågår, skal ikke gå med større fart enn 5 knop (ca. 9,2 km/time).»

Fartsgrenser elles brygger på den generelle regelen om å visa omsyn.

«Fartøyer skal utvise forsiktighet og avpasse farten etter fartøyets størrelse, konstruksjon, manøvreringsevne og farvannsforholdene, slik at det ikke ved bølgeslag eller på annen måte oppstår skade eller fare for skade på personer, herunder badende, andre fartøyer, farvannets strandlinjer, kaier, akvakulturanlegg eller omgivelsene for øvrig.»

I Stortingsmeldinga om Friluftsliv påpeikar Regjeringa sjølv at motorisert ferdsel – som vass-scooterkøyring – kan vera ein tryggleiksrisiko for dei som seglar, ror, padlar og badar,

men pytt, pytt ...

Strandsona er også hekkeplass for det me har att av sjøfuglar, og særleg no i hekketida er det livsviktig å visa omsyn, og hald sakte fart mellom holmar og skjær, noko som også gjeld vanlege båtar.

Sjøen skal vera for alle, men Lindås Senterparti er uroa over at dette «frisleppet" vil føra til ulempe for mange andre brukarar av sjøen, i tillegg til at risikoen for ulykker vil auka.

Lindås Senterparti vil difor arbeida for sentrale retningsliner for bruk av vass-scooter og småbåt – med fokus på fart og støy. Lokal forskrift kan også vera eit alternativ.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags