At eg orkar!

Ingrid Fjeldsbø

Ingrid Fjeldsbø Foto:

Av
DEL

LesarbrevAt du orkar!

Det er kommentarar eg av og til får når eg seier eg også er politikar. I tillegg til å gå i arbeid. For i lokalpolitikken er det ikkje mange fulltidspolitikarar. Det er det berre ordføraren som er.

Ja, eg orkar. Kvifor, spør du kanskje. Jau, fordi det er ei genuin interesse eg har. Heilt sidan eg var 12-åring. Då hadde ein onkel og eg heftige politiske diskusjonar. Han var Ap-mann og eg Høgre. Ja, så høylytte var diskusjonane at andre ville vel seie at me krangla! Men det var lærerikt.

Eg har ikkje vakse opp i ein rikmannsheim og har aldri kjendt meg att når mange snakka om Høgre som eit snobbeparti og som berre dei rike som stemmer på . Eg vaks opp i ein heim der mora mi var skild og hadde 5 born å mette. Det var ikkje vanlegt på 60-70-talet, så me var vel litt annleis enn andre familiar. I tillegg var ho frå England.

Men tilbake til politikken. Det var tilfeldig at eg byrja mi politiske virke. Eg blei satt på lista til Høgre for ein del år sidan. Eg har etterkvart vore leiar i Lindås Høgre i 7år. I fire år var eg vararepresentant til Levekår- ,plan og miljøutvalet og kommunestyret. Det var veldig givende, men sjølvsagt krevjande, då saksmengda var enorm.

I denne perioden har eg vore fast i plan og miljøutvalet og kommunestyret. Ingen kan seie at me som politikarar har mangel på lesestoff, iallefall. Eg prøver så godt eg kan å lese meg opp på sakene og har ynskt å gjere ein så god jobb som mogeleg for dykk som innbyggjarar. Om eg har lukkast, det er det dykk som må avgjere.

Eg har satt umåtelig stor pris på alle som har ringt meg,sendt e-postar og meldingar til meg i denne perioden. Mange av dykk har vore forsiktige og beklaga at de forstyrra. Men det er no difor eg er politikar. For dykk. For at de skal ta kontakt og tala saka di. Stort og smått. Eg er folkevalgt og då skal eg vera her for dykk. Eg gler meg til me blir Alver Kommune. Eg håpar at me alle i saman skal byggje den nye kommunen til det beste for borna, dei eldre , næringslivet og sjølvsagt oss midt i mellom. Ingen skal kvie seg til å ta kontakt med meg. Eg er audmjuk for oppgåva eg har valgt i 4 nye år.

Og eg orkar!

Godt val

Ingrid Fjeldsbø

4.kandidat Alver Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags