Det at Norsk Vind Energi AS har planar om vindkraftutbygging i Dyrkolbotn er nytt for oss

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevSyner til Signhild Dyrkolbotn sitt innlegg i lokalaviser og ope brev til Lindås kommune vedrørande planar om utbygging av vindkraft i Dyrkolbotn.

Det at Norsk Vind Energi AS har planar om vindkraftutbygging i Dyrkolbotn er nytt for oss, Lindås kommune er ikkje blitt kontakta av selskapet om slik utbygging i dette området. Vi hadde eit møte med Norsk Vind Energi AS i februar 2018, der presenterte dei moglegheiter for området ved Austlendingen.

Dette var vi skeptisk til og sidan har vi ikkje høyrt noko meir om desse planane. Det er viktig å presisere at det ikkje er lagt til rette for vindkraftutbygging i gjeldande kommuneplan for Dyrkolbotn.

Norsk Vind Energi AS kan sjølvsagt søke om dispensasjon, og den må vi handsame på vanleg måte om den kjem. Men slik eg har oppfatta dialogen med Norsk Vind Energi AS er dei opptatt av å ha god dialog med kommunane i slike prosessar. Eg vil også anbefale dei om å sjå nøye på kommuneplanen sine føresegner.

I Lindås kommune sin kommuneplan (samfunnsdelen) har vi sagt at kommunen skal satse på fornybar energi, men det betyr ikkje at vi skal ha denne typen utbygging kvar som helst.

Dyrkolbotn er eit verdifullt frilufts- og rekreasjonsområde i Lindås kommune, og det arbeidet som Dyrkolbotn Leirskule gjer for barn og unge og for reiselivet er viktig for oss.

Umiddelbart ser eg difor ikkje at Dyrkolbotn er rette staden for ein vindmøllepark, men alt dette skal ha ein grundig og open prosess dersom Norsk Vind Energi AS kjem med forespørsel til Lindås kommune.


Astrid Aarhus Byrknes

Ordførar

Lindås kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags