Rettferda i Lindås kommune

– Det skulle vore interessant å vite kva ekstrakostnad Helse- og omsorgssjefen her talar om. Har ho i det heile rekna på dette?, spør Bjørn Gripsgård Knudsen i dette lesarbrevet.

– Det skulle vore interessant å vite kva ekstrakostnad Helse- og omsorgssjefen her talar om. Har ho i det heile rekna på dette?, spør Bjørn Gripsgård Knudsen i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHelse- og omsorgssjef i Lindås kommune, Leni Dale forsvarar at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje får reise på ferie- og fritidsreiser utanfor kommunens grenser. Ho brukar rettferd som hovudgrunngjeving, men føyer også til økonomi på argumentasjonslista si. Det er verkeleg all grunn til å stille spørsmål til hennar grunngjeving.

Økonomi er eit vanleg argument for å grunngje kvifor ein vel å ikkje gje ei bestemt teneste til sine innbyggarar. Det er viktig å presisere at kostnadane for kommunen i denne samanhengen er løn til tenesteytar. Denne kostnaden har kommunen også om personen ikkje er på reise og må opphalde seg heime. Den eventuelle ekstrakostnaden er meirutgifter til løn. Den som reiser på ferie betaler sjølvsagt for sine eigne utgifter. I tillegg må den betale for reise og opphaldsutgifter for sin ledsager. Noko som gjer at ferie og fritidsreise er ei svært stor utgiftspost for ein som har trygd som einaste inntekt. Det er altså ikkje tale om gjentakande turar til sydlegare strøk.

Rasar mot nye reglar: – Lindås kommune tek frå pasientar moglegheita til å reisa på ferieturar

Det skulle vore interessant å vite kva ekstrakostnad Helse- og omsorgssjefen her talar om. Har ho i det heile rekna på dette? Har ho drøfta løysingar med tilsette og med brukarorganisasjonane? Eg har svært lita tru på at ein har jobba noko særleg med å finne løysingar i denne saka. Det enkle vart i Lindås kommune det beste; «nyt ferien i eigen kommune».

Leni Dale meiner det er urettvist at nokon får reise på ferie eller overnattingstur og andre ikkje. Det er eg heilt einig i. Dei fleste innbyggarane i Lindås vil i løpet av livet reise mange gonger både på ferie og helgeturar. Slik er det ikkje for personar med nedsett funksjonsevne. Det er for det fyrste ei stor kostnad for den enkelte, det er ei rekke praktiske forhold som må ordnast og det er ikkje minst avhengig av at ein har kjende personar med som støtte. Det kan virke som om det er nokon som får reise på tur på bekostning av andre i Lindås. Ein finn det då mest rettferdig at ingen får reise.

Som leiar i Meland lokallag av NFU har eg sett at Meland kommune har innført ei tilsvarande praksis for to år tilbake. Det spesielle i Meland er at denne kommunen var fram til å få år tilbake kjent både nasjonalt og internasjonalt for sitt arbeid for å gje personar med utviklingshemming eit likeverdig liv med innbyggarane elles. I samband med Ansvarsreforma (HVPU-reforma) utvikla ein i Meland gode prinsipp i kommunal planlegging. Ein var tydeleg på at alle menneske har dei same grunnleggande behova og at då må samfunnet syte for å bygge opp eit system som legg til rette for det. Ein stad på vegen har ein mista dette.

I samband med denne saka har eg høyrd utsegn som er nedslåande; «det er ingen menneskerett å reise til syden» og «merkar dei i det heile om dei er på tur?». Eg trur dei aller fleste forstår at alle menneske har dei same grunnleggande behova. Ein treng ein trygg plass å bu, ein meiningsfull kvardag der ein kan være i eit fellesskap og utføre oppgåver som ein meistrar. Ein treng også opplevingar. Å planlegge og å glede seg til ein tur. Det handlar om å ha minner å snakke om, bilete i album og på Facebook.

Eg opplever at personar i sentrale posisjonar tenkjer; «vi og dei andre». Med det at dei andre er så annleis at dei ikkje forstår sitt eiga beste, at dei er mindre verd, dei har ikkje dei same behova. Vi er mange som vil protestera på dette. Vi vil ropa om rettferd. Om rettferd for alle.

NFU: – Lindås har innført eit kommunalt fengsel 

Mange politiske parti flaggar at dei ynskjer å utjamne forskjellane mellom folk og om menneskeverd. Vel, her har politikarar i både Lindås og Meland anledning til å gjere nettopp dette. Eg vonar dei grip sjansen, og står opp for nokre av innbyggarane som ikkje verken ropar høgt eller kan kjempe si eiga sak i same grad som mange andre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags