I årets valgkamp sier vi nei til: Hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep

I årets valgkamp sier vi nei til: Hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep., skriv Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i dette innlegget.

I årets valgkamp sier vi nei til: Hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep., skriv Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKS leverte tidleg i april på vegne av landets ordførarar "Valgløfte 2019" til Stortingspresidenten. Der ønskjer vi å løfte respekten for kvarandre ved inngangen av lokalvalkampen 2019. I "Valgløftet" står det mellom anna følgjande:

"I årets valgkamp sier vi nei til:

Hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep.

Vi sier ja til:

Saklige debatter med god meningsbryting og argumentasjon.

Vi forventer:

At sentrale politikere selv er rollemodeller i diskusjoner og debatter."

Vi må som politiske leiarar på lokalt nivå i vårt virke gå føre som gode rollemodellar. Det same gjeld politiske leiarar på nasjonalt nivå.

Difor synes eg uttalene frå Finansminister Siv Jensen på landsmøtet til FrP laurdag 4. mai om å "knuse de jævla sosialistene" som eit urovekkande teikn på at det nasjonale politiske miljøet ikkje har fått med seg alvoret som ligg i KS sitt "Valgløfte 2019".

Ferske tal syner at 43% av norske lokalpolitikarar har bla opplevd hatefulle ytringar eller trugsmål. Halvparten har også vurdert å gi seg i politikken på grunn av dette.

Vi må som lokalpolitikarar dagleg stå i dette og gjere det vi kan for å halde oppe ein respektfull debatt.

Vi som politikarar inkl lokalpolitikarar må sjå på oss sjølv som rollemodellar i diskusjonar og debattar, og at den type uttale som vi her opplevde, ikkje er greitt.

Så skal det også seiast at Finansministeren har beklaga uttalen sin. Det synes eg er bra og heilt på sin plass . No gjeld det for oss alle å gjere det vi kan for å halde ein sakleg debatt framover .

Eg stiller meg bak KS sitt "Valgløfte 2019" og ynskjer å bidra til ein god, open , inkluderande og ryddig debatt og valkamp for Alver kommune .

https://www.ks.no/fagomrader/demokrati-og-styring/lokaldemokrati/ks-overleverte-valgloftet/

Astrid Aarhus Byrknes

Ordførar i Lindås og

Ordførarkandidat Alver Krf

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags