Lonena og Midtmarka – utbygging eller natur?

Natur og friluftsliv må vega tyngst meiner Miljøpartiet dei Grøne Alver og Alver Venstre

Natur og friluftsliv må vega tyngst meiner Miljøpartiet dei Grøne Alver og Alver Venstre Foto:

Av
DEL

LesarbrevNatur og friluftsliv må vega tyngst meiner Miljøpartiet dei Grøne Alver og Alver Venstre.

Strilen førte den 7. juni Midtmarka på Flatøy inn i denne diskusjonen, der partiet Høgre sa klart frå at arbeidet med å få regulert Midtmarka til utbygging må prioriterast i den nye kommunen. MDG Alver og Alver Venstre er ueinig. Her må ein ta vare på mest mogleg intakt natur for framtidige generasjonar, i eit historisk unikt opplevingsområde for fastbuande og tilreisande!

Det som har størst verdi i Midtmarka er naturen – som urørt natur, ikkje arealet som potensielle attraktive tomter og ny by. Midtmarka og Håøya er eit samanhengande nærast urørt stykke natur frå E39, den største «grøne lunga» mellom Knarvik og Frekhaug.
Blir Midtmarka bygd ut med «om lag 3000 bustader og store areal til næringsutvikling, handel, tenesteyting og hotell» – pluss omfattande og særs komplisert vegutbygging med tap av nærområde og landbruksareal, blir Midtmarka og Flatøyosen øydelagt som frilufts- og naturområde, og heile den søre delen av Alver vil tapa eit uerstatteleg og unikt kystlandskap.

Alver må snarast etablere seg med nye heilskaplege arealplanar. Det nye kommunestyret må ta ein «time out» i høve utbygging og utflating av attverande natur i søre delen av kommunen. Tida må ein bruke til nokre grunnleggande diskusjonar:

1. Kor stor bør regionsenteret og byen Knarvik vera?

2. Korleis skal tettstaden her utformast og utviklast vidare?

3. Ønskjer me og treng me verkeleg endå eit senter i tillegg til Knarvik og Frekhaug?

Blir Midtmarka bygd ut, får me ein todelt regionsenter. Folk må køyre, sykle og gå via E39 og over Hagelsundet til og frå viktige funksjonar. Hovudutfordringa for Alver er å utvikla sentrumsområdet i Knarvik, miljøvenleg og funksjonelt, tett lokalisert rundt Knarvik senter og det nye Helsehuset. Her må viktige publikumsfunksjonar og forretningar koma, og ikkje spreiast i ein omkrins på over 2,5 km.

Intensjonsavtalen har Knarvik som kommunesenteret og Frekhaug som lokalsenter, pluss Manger, Ostereidet, Lindås, Vikebø og Hordabø. Å utvikla alle desse vil krevja stor innsats både av Alver kommune og private. Ei utbygging i Midtmarka vil gjere det vanskeleg å nå desse måla. 3000 bueiningar m.m. krev tunge investeringar til både tilkomstvegar, vatn, avløp og kraftforsyning m.m. som tung sosial infrastruktur, nye barnehagar, skular o.a.

Det Alver kommune ikkje treng er at kortsiktige og ivrige næringsinteresser, skal vinne over langsiktige miljø- og samfunnsinteresser, både i Lonena og i Midtmarka. Ny, alarmerande kunnskap om klima – og naturkrise krev nye heilskaplege planar, der klimarisiko, samfunnsberedskap og folkehelse er viktigare enn omsyn til vekst og profitt.

Vår konklusjon:

Alver må bruke sine første 4 år på å lage ein heilskapleg areal- og samfunnsplan, og få på plass ein ny kommunedelplan for heile søre delen, frå Frekhaug til Knarvik og Alversund. Slik kan dei politiske partia få vist at samanslåinga kan verta ein fordel for alle, og at gamle kommunegrenser og reine utbyggingsinteresser ikkje vert viktigast. I dette perspektivet blir det heilt feil å framskynda utbyggingsplanane i Midtmarka – og Lonena. Så er det å håpa at Alver kan få tilført kompetanse til dette arbeidet som ein sentral del av Noregs første biosfæreområde! Det treng Alver kommune sårt, før endå fleire naturområde vert vedteke bygd ned.

Leif Johnsen, 1.-kandidat Miljøpartiet dei Grøne Alver
Sveinung Toft, 1 kandidat Alver Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags