Eide Fjordbruk svarar: Ringanlegg vil gje betre plass og meir optimale forhold for fisken

Laks i mære.

Laks i mære. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Viser til leserinnlegg frå Øystein Angelskår datert 16.10.2018

DEL

MeiningarEide Fjordbruk ønskjer å kome med nokre fakta kring om søknaden om nytt anlegg og auka MTB for oppdrettslokaliteten Eikebærånæ med Mundal.

Lokaliteten har vore drive som oppdrettslokalitet i lang tid, og Eide Fjordbruk har svært positive erfaringar med drifta her. Det er svært gode produksjonsresultat med særdeles lite lakselus, og alle miljøundersøkjingar som har vore gjennomført ved anlegget konkluderer med at miljøtilstanden er «meget god» etter vurderingskritere i NS 9410.

Søknaden som no er på høyring, gjeld fornying av anlegg der Eide Fjordbruk ønskjer å leggje ut nytt ringanlegg som erstatning for det stålanlegget som er der i dag. Selskapet meiner at ringanlegg vil gje betre plass og meir optimale forhold for fisken.

Det er samstundes søkt om ein fleksibel maksimal tillatt biomasse (MTB) for lokalitetane Eikebærånæ og Fyllingsnes slik at samla MTB for desse to lokalitetane til ei kvar tid ikkje skal vera høgare enn det som er tillatt i dag.

Auka fleksibilitet vil gje grunnlag for utsetting av større smolt, kortare produksjonstid i sjø og lengre brakklegging.

Det har heile tida vore ein føresetnad at anlegget som det no vert søkt godkjenning for, skal ligge innafor det arealet som er sett av til akvakultur i vedteken arealplan for Lindås kommune. Eide Fjordbruk har derfor vurdert det slik, at det ikkje har vore trong for å sende inn forslag om endra arealbruk.

Sondre Eide

Ass. dagleg leiar Eide Fjordbruk

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags