Eg kjem heim frå jobb, er ganske sliten. Eg er lærar, så arbeidsdagen er hektisk og rimelig uforutsigbar til tider. Mannen min pendlar til den andre sida av byen, så han er ganske trøytt han også. Familien får i seg middag, ungane gjer litt lekser, vi vaksne drikk eit par krus kaffi. Så er det avgarde på friidrettstrening for heile familien. Det er årets første utetrening, i strålande sol. Dei to eldste deltek på treninga, medan minstejenta på tre år har med seg sykkelen sin. Ho syklar litt rundt stadion, med meg på slep. Pappaen hjelper til med kulekast. Minsta er litt trøytt etter ein dag med mykje uteaktivitet i barnehagen, så det blir litt sutring. Litt snubling. Litt blåsing og trøysting. I det vi skal gå heim får ho eit aldri så lite tantrum, som eg ikkje forstår heilt kva går ut på. Dagen min har så langt vore ein ganske vanleg dag, ein dag eg trur mange andre småbarnsforeldre kan kjenne seg igjen i.

Mannen og ungane startar å sykle heim, medan eg joggar innover i Brekkeløypa. Det er lenge sidan eg var ute og jogga, får liksom aldri kontinuitet i den der treninga. Årets første joggetur opp BKK-bakken er brutal. Det er den alltid. I juli kjem den til å gå lett som ein plett, det veit eg frå før. Halvvegs opp mot vanntårnet tek eg av frå grusløypa og småjoggar innover i stiane i retning Isdal, og nedover mot Girafftreet og Orresteinen, der eg bur. Kanskje brukte eg 30 min på denne turen? Ikkje tidenes treningsøkt, men godt nok for meg. Eg kjem aldri til å springe maraton eller gjennomføre ein vinterkarusell med løp. Men – for meg er ein tur som dette gull verdt, og eg er like fornøgd kvar gong eg får skvist den inn i kvardagen. Brekkeløypa og ikkje minst stiane rundt, har ein stor verdi for meg – sjølv om eg ikkje kan skryte på meg at eg brukar det kvar veke. Her kan eg finne stillheit, få tid til eigne tankar og få rista av meg kvardagsmaset. Slik at eg orkar å rette nokre elevtekstar når eg kjem heim og ungane er lagt.

At ein no vurderer å byggje ut i dette området, med hundrevis av bueiningar, det er vanskeleg å forstå for meg. Eg meiner at dette området er det einaste området i Knarvik som er lett tilgjengeleg for alle, uavhengig om du går på eigne bein, med vogn, rullestol eller rullator. Kvassnesstemma er meir kupert og har meir utfordrande tilkomst. Brekkeløypa er og ein inngansport til dei mange stiane i området. Mange er nok ikkje klar over kva for eit nettverk av stiar dei kan nytte seg av i dette området. At stiar og løyper skal bevarast og at framtidige bustadar skal leggast eit visst antall meter i frå eksisterande stiar og løyper, er ei mager trøyst for meg. Området vil for all framtid vere øydelagt og verdien det har i dag vil bli kraftig forringa. Set ein seg i bilen kan ein sjølvsagt nå mange andre flotte turområde og stiar – men er du som meg, så blir det sjeldan gjennomført. I alle fall ikkje i kvardagen. Eg trur aktivitet i kvardagen er viktig for folk og for folkehelsa.

Ei god folkehelse blant innbyggjarane i kommunen er ein verdi som eg håpar politikarane i Lindås Kommune vil ta ansvar for. Eg prøver å halde meg oppdatert på kommunedelplan,områdeplan, inngåtte avtaler og reguleringar som ligg føre. Eg forstår at mange meiner det er for enkelt for meg å seie at dette området må bevarast slik det er i dag, og at eg ikkje har nok kjennskap til det politiske og juridiske som kommunen må forholde seg til. Det stemmer sikkert! Då kan oppklarande lesarinnlegg eller reportasjar frå lokalavisene gje informasjon til innbyggjarane, noko eg håpar eg kan få lese meir av i tida framover.

Eg håpar også at politikarane kan gå tydelegare ut med kva dei meiner og eg saknar ein offentleg debatt om utbygginga i Lonene. Eg synest det er litt for stille om ei så stor utbygging. Kva meiner dei eigentleg? I kor stor grad synest dei ulike partia at ein kan byggje ut? Eg håpa på fleire lesarinnlegg frå alle partar, også frå enkeltpersonar med engasjement utanfor politikken. Det er ikkje berre innbyggjarane i Knarvik som nyttar området, mange eg kjenner til kjem frå bygdene rundt for å gå tur her. Eg håpar at dei også vil engasjere seg.

Kva meiner du at Lonene skal vere i framtida? Prøv gjerne å overbevis meg om at ei utbygging av Lonene er riktig, det vil eg setje pris på. Dersom vi skal finne ut kva som er riktig for Knarvik må vi snakke med dei som har andre meiningar enn oss sjølve. Eg håpar inderleg at ein tenkjer på heile Knarvik før ein byggjer ut i Lonene. Det er mykje som skal skje i Knarvik dei neste tiåra, og mitt håp er at ein ikkje avgjer utbygginga av Lonene før ein veit som skjer i sentrum av Knarvik. Skal ein satse på fortetting i Knarvik, så bør ein fortette der det allereie er bygd, ikkje utvide ved å ta verdifulle naturområde til bustadfelt.

Folkens, vi må kjøre debatt - for dette er viktig! Dette gjeld folkehelsa til mange i den framtidige Alver Kommune.