– Halve fjorden vert stengt om Eide fjordbruk får det som dei vil

Lyr full av pellets frå oppdrett. Fiska ved Mundastø 3. oktober 2018.

Lyr full av pellets frå oppdrett. Fiska ved Mundastø 3. oktober 2018. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarinnlegg: Lindås Kommune

Kvernhusmurane 20

5914 Isdalstø Mundal, 16.10.2018

Høyringsutsegn til utvidelse av oppdrettsanlegg «Eikeberånæ» ved Mundal i Osterfjorden

Ref. 18/2444 – 18/287505

Viser til søknad om utvidelse av oppdrettsanlegg frå Eide Fjordbruk og EVOS Inovasjon A/S. Det søkjast om dobbelt kapasitet, men arealet som vert beslaglagt er 3- gonger større enn dagens anlegg, i tillegg til forflåte. Det same med iler og fortøyingar.

Dette vil leggja beslag på fiskeplassar med line, garn og teiner (havteiner) på heile området frå Nepstad til Leiknes!

På skissa som føl med kan det sjå ut som det «nye» anlegget vil koma lenger inne enn eksisterande anlegg er i dag. Dette må ikkje skje!

Det kan og sjå ut som ein del av dei nye «ilane», spesielt mot aust er tenkt som landsfeste dvs. 18- 20 m djupt, så her vert det umogleg å fiske med snøre også!

Det er og ein badeplass i Mundalstø som vert råka med forureining!

Eide fjordbruk påstår i sin søknad at Osterfjorden ikkje er ein «terskelfjord», men det er i alle fall mykje smalare mellom Frekhaug og Klauvaneset enn fjordbasenget innanfor. Då flytebrua skulle byggjast vart den omtala som ein terskelfjord!

Ein del moment mot utvidelse:

1) På eit møte i regi av Naturvernforbundet på «Dampen» i Knarvik for ca. eit år sidan kunne Martin Binde frå Mattilsynet opplyse om at det var kommen nye og strengare reglar mht avstand mellom oppdretsanleg 3 til 5 km! Fjorden er her ca. 2km brei, og på Tepstad på andre sida av fjorden er det eit endå større anlegg (12-ringar). Avstanden mellom desse anlegga vert ca. 1km! Kva med smittefaren mellom anlegga?

NÆRMARE HALVE FJORDEN VERT STENGT!

2) Kva med villaks og aure som skal passera når halve fjorden vert stengt?

Fram til slutten av 1970 talet dreiv familien min (og eg) med fiske etter laks og aure med kilenot og krokagarn. Dette er alt blokkert av anlegget som er der i dag, i tillegg til fiskeplassar med line og garn, NO VIL DEI TA RESTEN!

3) Frå før er det lagt beslag på fiskeplassar for line, garn og teiner (havteiner). No vert dette området utvida, heilt frå Nepstad til Leiknes! PGA 3-dobling av anlegg og eit «spindelvev» med fortøyingar og ilar på anlegg og forflåte!

4) I Mundalstø er det ein badeplass som er mykje brukt, denne vert råka spesielt med forureining frå fiskefôr (som no er 80 % vegetabils planteolje) og «avføring» frå fisken som no vert dobla!

5) På orienteringsmøte om rullering av kommuneplanen i Lindås, på Leiknes Skule 28 aug -18 kom det ikkje fram opplysningar om dette omfattande prosjektet! Fristen for kommentarar til planen var 14 sep-18, ei veke etter denne fristen kom denne «BOMBA» i posten! Demokrati i praksis!

6) Kva er grunnen til at Eide Fjordbruk vil ha mogelegheit til å flytta heile produksjonen frå Fyllingsnes til Mundal?

Kan det ha noko med forureining å gjera? Kva er grunnen til at anlegget på Fyllingsnes har vore tomt for fisk i 9 md.?

7) Kva med all fisken i området rundt oppdrettsanlegg som ikkje går an å eta pga. forureining og oppdrettsfor? Burde ikkje oppdrettarane vore forplikta til å erstatta og ta i mot denne for «destruering»?

Mundal 16.10.18 Øystein Angelskår

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags