Tannklinikksaka og Sp

Senterpartiet si handtering av tannklinikk-saka har skapt bølger innad i eige parti. Mellom anna har Masfjorden Sp gått ut med sterk kritikk av politikarkollegaene i fylkestinget. I dette innlegget svarar Jon Askeland & co. Arkivfoto

Senterpartiet si handtering av tannklinikk-saka har skapt bølger innad i eige parti. Mellom anna har Masfjorden Sp gått ut med sterk kritikk av politikarkollegaene i fylkestinget. I dette innlegget svarar Jon Askeland & co. Arkivfoto

Av

Fylkestinggruppa i Senterpartiet vil her gje eit svar til både venstremannen Alf Strand og Masfjorden SP for kvifor me under sterk tvil valde å røysta for det framforhandla vedtaket om endra tannklinikkstruktur.

DEL

MeiningarLES OGSÅ: «Her har Senterpartiet si fylkestinggruppe gjort ein utruleg dårleg jobb»

1. Til sjølve vedtaket: Det primære valet vårt var å oppretthalda dagens struktur, men det var det ikkje fleirtal for. Den framforhandla løysinga var betre enn administrasjonen sitt framlegg, og det som særleg gjorde utslaget var at det er opna for private tannlegar med driftsavtalar. Då kan private tannlegar ha driftsavtale med fylkeskommunen/kommunane, og me kan oppretthalda ein minst like desentralisert tannklinikkstruktur som i dag. Siste ord er altså ikkje sagt i denne saka, og for Nordhordland sin del så har det allereie vore ordførarmøte, som drøftar tilnærming etter dette sporet.

2. Hordaland fylkeskommune er i store økonomiske vanskar. SP har etter valet i haust, saman med Ap og Krf, kome i ansvarleg posisjon for styringa av fylkeskommunen. Me kom til ein fylkeskommune i store økonomiske utfordringar. Hordaland fylkeskommune er ved sida av Sør Trøndelag den mest forgjelda fylkeskommunen i landet, og ROBEK-spøkjelset lyser i horisonten. Fylkesrådmannen stod klar med mange upopulære kuttframlegg til det nye fleirtalet,- nokre av dei burde vore tekne tidlegare! Og,- det kjem fleire, det vert tøft både innan vidaregåande opplæring og samferdsle/fylkesvegbudsjettet i åra som kjem.

Senterpartiet står fast på valprogrammet vårt, og kjem til å kjempa hardt for innbyggjarane i heile Hordaland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags