Regionsmuseum eller mausoleum

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevUnderskrivne syner til lesarinnlegg skrive av Nils Georg Brekke i avisa Nordhordland den 06.10.18. I dette innlegget er mitt namn nemnd; så då må eg be om lov til å svara herr Brekke. 

Ja, det er gjerne slik at me gamle strilar her nordom flytebrua; ikkje har mykje å fara med. Ikkje har me tittel professor , ikkje har me gjeve ut bøker og ikkje har me fått Meltzer-prisen. Då eg vaks opp her på Holme i 1940-1950 åra ; hadde me berre vanleg sukker på brødskivene våre. Mor mi hadde laga saft av hagebæra og utblanda i vatn ; var det dette eg hadde med på skulevegen . Me hadde ein gamal 23 fots klinkbygd trebåt med ein 4-5 hestekrefter Sabb motor: Allereie som 15-16 åring fekk eg fyra opp semidieselen og fara på torget og selja bringebær - heilt åleine. Med berre tre kyr på båsen ; var det "longt mellom kronene" - som dei gamle strilane sa. Så fór me ut i Da Naua ; like ved Herdla og fiska pala . Naboen hadde skaffa seg "atom-dorg" ( gummimakkane var festa til eit snøre som gjekk i ein sirkel bakom båten og vidare inn i ei trakt på ripa ) - me andre hadde berre råd til eit handsnøre. Men mykje pala fekk me der nord likevel. Ja, dei fleste er slett ikkje klar over at Nordhordland var eit av dei fattigaste områda i heile Noreg - før olja kom i land og Mongstad vart etablert.

Strile-kulturen står mitt hjarta nær. Difor tok eg på meg, saman med ein annan mann frå Meland, å byggja opp "Sjøbua Museum" her på Holmeknappen. Eg køyrde kring 50 mil med min privatbil for å samla inn gamle gjenstandar i Nordhordland - og brukte kring seks månader på dette arbeidet. Om du vitjar dette sjø-museet; vil du finna det meste av det fiskarbonden hadde å hjelpa seg med av reidskap når han var på sjøen; inklusive både skimle og glip.

Så fortél Os-buaren professor Brekke om den "sentrale" plassen Lygra. Ja , i seglskute-tida var dette farleia for skutene til Petter Dass (dei som då ikkje gjekk ned ved Bokketjuvane på Stadhavet). Denne skrivaren kjenner dei fleste vardar og segl-merke frå Sognefjorden og til Bergen. Vidare veit eg om skjenkestovene både i Kilstraumen, Bruknappen og i Alverstraumen - der mannskap på seglskutene drakk seg fulle. Går me vidare inn i tida så gjorde dampbåtane sitt inntog hjå oss (først gong i rute her i 1866 og utover til om lag 1965). Det er min stadige påstand at Lyngheisenteret på Lygra framleis ligg langt ute i hutaheita både til lands og sjøvegen. Eit allsidig regionmuseum på Flatøy i nye Alver kommune; vil liggja sentralt og nær der dei fleste av oss bur og kort veg frå Bergen.

Nils Georg Brekke fortel oss andre "mausoleums-byggjarar" at det spelar inga rolle om eit slikt strilamuseum ligg i Salhus eller på Flatøy. Då meiner eg at denne professoren må ta ein kikk på kartet: Salhus ligg IKKJE ved E-39 ; slik Flatøy gjer. Skal du ned i denne skorva på hi sida av Salhusfjorden og vitja den eldgamle industri-kolossen i betong; må du først gjennom eit par bomringar (som kjem snart) og køyra på ein veg som vart bygd for "Gamle Svarten" med påhengjande møkakjerre. Ja , det er slett ikkje løye at Salhus-folket sjølve brukar stadnamnet Råthólo på heimstaden sin. Dit vil herr Brekke senda oss strilar når me vil vitja vårt eige museum!

Så til det særs viktige:

Lindås Sogelag og Meland Sogelag har allereie samla inn uhorveleg mange gamle gjenstandar som kan fylla eit heilt stort framtidig "Nordhordland Museum". Det er berre bygningar som manglar. Men det er politikarane som har siste ordet: Difor bør me soge-interesserte røysta fram det partiet og den ordførarkandidaten som lovar å stå på for eit regionmuseum nordom Nordhordlandsbrua. Hittil har ingen slike stått fram og fronta denne saka. 

Til slutt to enkle spørsmål til Nils Georg Brekke:

1. Kor uhorveleg mange millionar kroner har dette Lyngheisenteret på Lygra kosta oss skattebetalarar (tillagt byggekostnads-indeks over 25 år)?

2. Kor mange personar vitjar dette Lyngheisenteret kvart år ? Samstundes vil eg minna om at det finst eit lyngheisenter på Vigsnes langt nord på Karmøy - som eg også har vore innom.

Ja, Arne Høyland; Me to er nok dei einaste personane her på Strilelandet som kan smykka oss med den professoralske nemninga: "Mausoleums-aktivistar".

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags