Gå til sidens hovedinnhold

Oppdag Nordhordland!

Artikkelen er over 3 år gammel

Det er noko som heiter å vere turist i eigen by. Eg vil omskriva det til å vere turist i eigen region. Region Nordhordland har mykje å by av naturopplevingar, aktivitetar og lokal mat - heile året. Eg trur berre at vi som bur her ikkje er flinke nok til å nyte det.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

No om morgonen er det eit drag av haust i lufta. Sommarferien er over for denne gong, og hausten er like om hjørnet. Den finaste tida på året meiner mange. Eg er samd i det. Difor tok eg nyleg med meg familien på ein helgetur til Nordhordland. Kvifor? Jo, for å oppleve dei vakre og stille innsjøane.

Me valde å bu på Vågseidestranda Feriesenter då Bruvoll Camping var fullbooka. Me leide kano frå Bruvoll Camping og padla i veg. Regnet pøsa ned denne laurdagsformiddagen, og dei fleste tenkte nok at det var galskap. Men Yr.no sa det skulle letta, og det gjorde det. Varm toddy og sjokolade fekk stemninga opp att.

Dagen etter vakna me til sol og stille vatn, og me fann den første soppen for året!

Les også

Det gode livet på Fedje

 

Dette er berre eit døme på ein rimeleg oppleving ein kan ta familien med på denne hausten. Mange reiser til Nordhordland for å oppleve majestetiske Stølsheimen som straks kler seg i vakre haustfargar. Både Stordalen og Modalen er glimrande startpunkt for turar der.

 

Frå og med 2017 har Nordhordlandskommunane saman med Bergen reiselivslag stifta eit nytt destinasjonsselskap for heile Bergensregionen. Sotra og Øygarden er òg med.

Les også

Set Nordhordland på kartet med ny brosjyre

 

Me er heldige i Noreg som har ein natur som er så tilgjengeleg for folk. Det gjer at fleire kan oppleve våre fantastiske omgjevnader. For å gjere det lettare å oppdage Nordhordland har Bergen reiselivslag utforma ei ny brosjyre med forslag til 5 dagsturar ein kan ta med bil. Brosjyren, som har fått namnet «COAST», får du mellom anna tak i på Knarvik senter. Bruk den til oppdage Nordhordland.

Du treng ikkje reise langt for å finne store opplevingar!

Av Frode Nergaard Fjeldstad

«Kystminister» i Bergen reiselivslag

Kommentarer til denne saken