– Dyrare og dårlegare ved samanslåing

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Tdlegare Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt er svært kritisk til kommunesamanslåing i Nordhordland.

DEL

LesarbrevLokalavisene saknar temperatur i spørsmålet om endringar i kommunegrensene i Nordhordland. Dei etterlyser og ein meir faktabasert debatt om spørsmålet før det vert tatt endeleg avgjerd. Dette er eg samd i, og det undrar meg difor at dei same avisene i sine leiarar alt har tatt standpunkt i saka. Større einingar vil vera det beste for regionen; - meir «robuste» kommunar vil ha større slagkraft. Eg er ikkje prinsipielt mot at kommunar slår seg saman, men eg er mot at kommunalministeren skal sitja i Oslo og detaljstyra korleis det skal skje.

Det har ikkje vore noko folkekrav at dei skal verta slått saman. Tvert om syner ei ny meiningsmåling frå Sentio at mest 2/3 av innbuarane er mot.

Kommunesamanslåing er byråkratar, nokre forskarar, NHO og regjeringa sitt prosjekt. Det er såleis udemokratisk, og det byggjer på ein ideologi om at store einingar automatisk gjev oss eit betre samfunn. Mangelen på døme om innsparingar frå den verkelege verda har gjort at sjølv Sanner har gått bort frå økonomi som argument for kommunestrukturprosjektet. Det vert dyrare.

Pisk og gulrot

Etter mi vurdering er hovudgrunnen no at kommunesamanslåing aukar grunnlaget for at private kan overta kommunane sine fellesskapstenester, og at tenester i mykje større grad kan sentraliserast.

No er det pisk og gulrot som skal gje det ønskte resultatet.

Gulrøtene er store, i form av midlar ved samanslåing og oppretthalding av tidlegare overføringar over mange år. Det har og vore snakk om vegmillionar til dei som fusjonerer.

Så er det riset bak spegelen: Tøffare rammevilkår for dei som ikkje vil.

Når heile denne rekkja av midlar sjølvsagt må takast frå vår felles pott, vil det gå på kost av dei som vil ha lokal sjølvråderett og/eller ligg slik til at samanslåing er uaktuelt.  Det er kanskje nett her midlane ville hatt størst effekt i vårt fells ansvar for likeverdige tilbod til alle i kongeriket.

Dei små mest fornøgde

Så attende til bruk av fakta i debatten, og her er det rikt med materiale å ausa frå. Det vil gå for langt å komma inn på alt dette, men eg vil syna til DiFi (Direktoratet for Forvaltning og IKT) sine innbuarundersøkingar, som inneheld mange interessante resultat. Dei tek føre seg samfunnsforhold, tenestekvalitet, folkestyre og lokaldemokrati. Skilnaden mellom små og store kommunar er påfallande sterk, og datamaterialet er særs omfattande.

For dei fleste av tenestene kommunane er pålagt å gje er innbuarane klart mest nøgd i mindre kommunar. Berre innan to (2) områder er dei store best: kollektivtransport og  tilgang på arbeid. Det lokale engasjementet er og klart sterkast i mindre kommunar. Dette har m.a. samanheng med at informasjonen er enklare, politikken meir oversiktleg for innbuarane og både kvalitet og tilgjenge til systemet betre. Lag/organisasjonar er mest aktive og rekrutterer medlemmer som seinare ofte engasjerer seg i samfunnsgagnleg arbeid. Med eit fint ord vert dette kalla «nærhetseffekten».

Det er og gjennomført ei lokal borgarundersøking. Her hadde eg venta at lokalavisene gjekk litt meir bak tala i denne undersøkinga. Det store oppslaget i ei av avisene lydde slik: «50% seier ja til Lindås/Meland/Radøy». For Radøy var det rette talet 20%.

Det var og tatt opp spørsmål om kva folk tykkjer om dagens tenester. Her går det fram at mellom 40 og 90 % er svært/ganske nøgd med dei fleste tenestene, og i alle høve lovpålagte tenester. Hjå oss er det og slik at folk er mest nøgd i dei mindre kommunane, og det føl folketalet;- altså minst nøgd i Lindås, Meland…….Radøy osb. Unnataket er barnevernet, der alle scorar lågt (her og Lindås lågast). Kanskje utfordringane for denne tenesta må løysast på andre måtar enn ved kommunesamanslåing?

Mange ulemper

Materialet gjev og svar på spørsmål om kva folk trur vert betre/dårlegare og om mogelegheiter for påverknad. Dei styrande i regionen vil ha nytte av å studera denne undersøkinga; -og å ta det med i sine vurderingar!

Vil me ha ein debatt med temperatur er det nødvendig at det vert brukt litt meir tid på å informera om både føremoner og ulemper. Ulemper som større geografiske avstandar, sentralisering av tenester, lengre saksgang, veikare lokalkunnskap både for tilsette og politikarar og lågare lokalt engasjement hjå innbuarane synest nærast vera fråverande fram til no. Sjølvsagt og alle undersøkingar og mest all forsking som underbyggjer at smått er for dei fleste tenester godt.

Kva er eigentleg logikken bak at Noreg – eit av dei minste landa i Europa målt i folketal, og det mest tynt befolka, skal ha som mål å få dei største kommunane. Og kva er konsekvensane:

  • For lokaldemokratiet?
    • Hovudtyngda av folk vil bu i eller nær dei nye kommunesentra, og vil røysta på dei dei kjenner best.
    • Langt frå utkantane til sentrum, og folk vil vegra seg for å ta på seg kommunale verv.
    • Lågare terskel for å gjera endringar, t.d. skulenedleggingar, sjukeheimar, andre tenestetilbod.

NOKO ANNA VIL VERA NAIVT Å TRU

Skepsis til folkerøysting

Stortinget sitt vedtak om frivilligheit frå 1995 gjeld framleis: «Stortinget ber regjeringen legge til grunn at framtidige endringer i kommunestrukturen ikke skal omfatte kommuner som i en folkeavstemning, har gått mot kommunesammenslåing».

Kan dette vera grunnen til at fleire av dei styrande i Nordhordland ser ut til å vegra seg for å gjennomføra folkerøysting om kommunesamanslåing?

Spørsmålet vert drøfta i desse dagar i politiske organ, og eg merkar meg at det er til dels stor skepsis til folkerøysting om dette så sentrale spørsmålet for innbuarane i kommunane.

Det er ei misstru til at folk er i stand til å vita sitt eige beste. Kvar vert det av folkestyret/ lokaldemokratiet? Det vert sagt at det skal styrkast ved å endra kommunestrukturen, men det første dei gjer er å ta frå folk retten til å seia si meining.

Kommunestrukturprosjektet må, slik eg ser det, handla om: Fakta, Frivilligheit, Folkerøysting.

Olav Steinar Namtvedt

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags