– Argumenta om økonomi må avgjere kommunesamanslåing

For samanslåing: Asgeir Mjøs frå Radøy meiner samanslåing av kommunar er fornuftig. foto: privat

For samanslåing: Asgeir Mjøs frå Radøy meiner samanslåing av kommunar er fornuftig. foto: privat

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevEg har vore på to folkemøte på Radøy om kommunesamanslåing, eitt i fjor haust, og eitt no i mars. 

Informasjonen eg fekk der frå dei som har forhandla fram ein intensjonsavtale om ny kommune, saman med synspunkt og debattinnlegg - både for og mot - frå dei frammøtte gjer at eg no er vorten meir positiv til at bygging av ein ny større kommune er framtida. Det er berre så synd at så få har møtt fram til desse møta for å få informasjon.

I utgangspunktet var eg for rådgjevande folkerøysting, men etter kvart har eg vorte glad for at ein i Radøy har bestemt seg for opinionsundersøking. Eigentleg kunne ein greidd seg utan den også. Det heller eg til no fordi eg ser at dette er så komplisert at eg trur det er vanskeleg for mange å forstå konsekvensane med å væra ein liten kommune på lang sikt. Eg reknar meg sjølv blandt desse. Eg trur det er følelsar og ikkje fakta som avgjer folk sine standpunkt, kanskje frykt for noko annleis eller noko nytt?

Vi har valt politikarar til kommunestyra som kjenner kommuneøkonomien betre enn folk flest, og ser kva utfordringar ein har framover, og difor bør dei ha best føresetnader for å kunne ta ei avgjerd basert på fakta og kunnskap. Om dei ikke kjenner til fakta, er det deira plikt å setja seg inn i det så langt det er mogeleg.

– Økonomi avgjerande

Eg har ikkje heilt fått med meg om det er kommuneleiinga eller meiningsmålingsinsittuttet som avgjer kva spørsmål som skal stillast i opinionsundersøkinga. Er det berre «JA«, «NEI» eller «VEIT IKKJE», eller er det spørsmål om kor mykje ein er for eller mot på ein skala frå 1-5 eller noko liknande? Vert det stilt tilleggsspørsmål? Eg kunne tenkt meg at ein spurde kor ofte ein har ærend på kommunehuset: kvart år, kvart femte år eller sjeldnare f.eks.?

På folkemøta har eg høyrt argument for framleis å væra eigen kommune som stort sett baserer seg på at nærleik er viktig, at ein har nærleik til lokalpolitikarar som ein kjenner eller som ein veit kven er, og nærleik til kommuneadministrasjonen der «tenestene vert utført». For meg er ikkje desse argumenta avgjerade, men derimot argumenta om økonomi som er avgjerande for kva tenester kommunen kan yta, der eg ser at ein liten kommune i framtida får vanskar med gode nok tenestetilbud, utvikling av nye tilbud, og ikkje minst midlar til investeringar og vidareutvikling. Eg trur og at ein i strørre kommunar vil ha lettare for å rekruttera kompetente medarbeidarar, til å få fleire innan same fagfelt som kan komplettera kvarandre.

Eg trur det er følelsar og ikkje fakta som avgjer folk sine standpunkt, kanskje frykt for noko annleis eller noko nytt?

Asgeir Mjøs

Det skjer store endringar i bygdene våre. Gardsbruk vert lagt ned. Ein må pendla til arbeidsplassane. Det vert hevda av tilhengjarar av å vera eigen kommune at det vert så langt til kontora der tenestene vert utført. Folk må reisa langt, og ein kan verta nøydd å flytta nærare kommuneadministrasjonen der «tenestene vert utført». Dette siste argumentet har eg vanskeleg for å forstå. Dei fleste må no reisa lange avstandar til arbeidsplassen kvar dag, utan at ein vurderer å flytta.  Kor ofte må ein reisa til kommuneadministrasjonen for å få utført ei teneste?

År mellom kvart ærend

Eg vil påstå at for dei fleste er det langt frå kvart år ein har ærend dit. Ein stor del av innbyggjarane i kommunane våre har kanskje aldri hatt eit ærend til kommunehuset.  Det er vel stort sett i forbindelse med byggesøknader og anna som har med eigedomar å gjera. Det er vel ikkje lenge før personleg frammøte er unødvendig eller uønskt, snart må ein kanskje levera alle sine søknader og henvendelsar på internett frå si eiga datamaskin. 

Det er forskjell på kvar tenestene vert administert, og kvar dei vert utført. Feiaren må sjølvsagt i framtida feia der skorsteinane er, sjølv om han vert administrert frå Knarvik eller Ikenberget. Heimehjelparar og heimesjukepleiarane må vel framleis utføra tenestene i heimane, uansett kvar dei vert administrert frå. 

Nokon har obsevert at i enkelte bygder i distriktet vert det fleire hus som står tomme. Det er vel ein naturleg konsekvens av nedbygging av landbruket, der eigarane som har måtta skaffa seg anna arbeid vel å flytta nærmare arbeidsstaden, og nærmare dei senter kor dei får utført dei tenestene ein treng. Blant desse tenestene trur eg at besøk på kommunehuset ikkje er blant dei viktigaste. Det er nærleiik til kjøpesenter, til legetenesta, til apotek, kulturtilbod, idrettsanlegg, offentlege kommunikasjon osv. som tel meir.

– Tid for å vandra vidare

Det er i dag politiske parti og miljøorganisasjonar som meiner det er uhaldbart at kvar og ein av oss skal kunne køyra så mykje med med privatbil som ein gjer no. Ein konsekvens av dette er at folk må bu i tettstader og byar der det er mogeleg å få til eit tenleg offentleg transporttilbod, eller kor ein kan bruka sykkel, gå til fots eller bruka rullator om det trengs. Då vert tvihalding på ein spredd busetnad i bygder som ikkje har noko næringsgrunnag ein feil politikk i framtida. Eg har litt sans for denne tankegangen til dei som hevdar dette. Folkevandring har det vore i alle tider, Folk vandra til det som i dag er vorte bygdene våre for å skaffa seg ein leveveg, dyrka jord, jakta og koma nær fiskeplassane. Når levevegen er borte, er det tid for å vandra vidare.

I Sverige har vi høyrt at mange bygder har vorte fråflytta dei siste 10-åra. I Kommunal rapport den 13.02.1998 kan ein lesa at heile 73 prosent av svenske kommunar hadde fråflyttnig i 1997. Dei reiser til storbyane og omkringliggjande kommunar og skulesentra. Sysselsetjingstiltak i 70-åra dempa dette ei stund, men flyttinga tok seg oppatt. Sverige har ikkje hatt slike oljeinntekter som vi i Noreg, men dei greier seg tilsynelatande bra. Hadde dei greidd seg så godt om dei hadde pøst på med pengar for halda distrikta oppe? Eg veit ikkje, eg berre spør.

Folk vandra til det som i dag er vorte bygdene våre for å skaffa seg ein leveveg, dyrka jord, jakta og koma nær fiskeplassane. Når levevegen er borte, er det tid for å vandra vidare.

Asgeir Mjøs

Lenge hadde eg sansen for å tillata frådeling av einskildtomtar på gardsbruk slik at eit familiemedlem utanom den som skulle driva garden fekk seg eit hus i heimbygda. No er eg ikkje sikker på at dette var så lurt. Dette er med på at folk ikkje kjem seg så lett vidare, ein er «fastlåst» til ein bustad som ligg langt frå arbeidsplassane sine.

– Vekst nær tettstadane

Alle treng ikkje flytta til Knarvik. På Radøy har me nokre tilnærma tettstader som eg er sikker på vil overleva og utvikla seg i lang tid enno. Manger er heilt klart ein slik stad. Der har ein no etterkvart gode tilbod på det meste, butikkar, legesenter, tannlegar, Radøyhallen for å nemna noko, og relativt gode busstilbod mot Knarvik og Bergen. Bøvågen og Austmarka trur eg og har tyngde til å overleva. Korleis det vert på Sletta og dei andre gardane som soknar til Austebygd skule er vanskelegare å sjå.

I intensjonsavtalen som er utarbeidd vert det fastlagt at ein skal halda på alle skulekrinsane i første omgang. Det er sjølvsagt umogeleg å gjera vedtak om oppretthalding av alle skulekrinsar for alltid. På Austebygd skule var det visst for eit par år sidan berre 2 førsteklassingar. No sist var det nokre fleire, men hadde det halde fram slik seier det seg sjølv kva som ville skjedd med skulen.

Har desse betraktningane mine om sentralisering noko med debatten om kommunesamanslåing å gjera? Etter mitt syn, ja. No er det slik at kvar einskild av dei små kommunane må skaffa vekst, auke i folketalet osv. for å vera levedyktig i framtida. Dersom vekst er naudsynt, er det naturleg at veksten skjer i og nær tettstadane. Då vert det vanskelegare i framtida å vera ein liten fråflyttingskommune med eit svakt næringsrunnlag.

Asgeir Mjøs, Radøy

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags