Storkommunen bør ha eit framtidsretta namn

«Alle bruene som bind Nordhordland samen er gode bilete kva som har skjedd, og som skjer heile tida. Vi er bundne saman, vi har villa det, og det er bokstaveleg talt, ingen veg utanom.»

«Alle bruene som bind Nordhordland samen er gode bilete kva som har skjedd, og som skjer heile tida. Vi er bundne saman, vi har villa det, og det er bokstaveleg talt, ingen veg utanom.» Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevI ei opplisting av norske kommunar finn vi mange eksempel på at større område er delte opp etter kvar dei geografisk ligg i ein større region, i søre- og nordre-, vestre og austre. ( Nord Odal, Østre og Vestre Toten, Nordre og Søndre land, osv.) Truleg er dette for ikkje å misse identiteten til regionen, det kjende og identitesskapande.

Vår region er Nordhordland. Her bur vi og dette namnet er vi alle knytte til. I tillegg er vi knytte til kommunenamn, til dømes Austrheim, der eg bur, og så til bygdelaget eller grenda vi bur i.

Det er naturleg at eit kommunenamn er geografisk overgripande. I dei døma eg har vist til, har dei klart det, Odalen, men Nordre, Toten, men Østre. Eg vil tippe at folk frå desse områda kan fortelje at dei er frå Toten, eller frå Odalen, altså frå området, ikkje naudsynt frå aust eller vest. Her er det og eit element av gjenkjenning inne i biletet.

Kommunane Lindesnes, Mandal og Marnardal går saman under namnet Lindesnes. Mandal er størst, men blir no ein del av Lindesnes….men mandalittane er framleis frå Mandal.

Vi må ikkje miste Nordhordland, eller stå i fare for å måtte bytte kommunenamn i løpet av nokre år.

Les også: Kva skal den nye kommunen vår heita?

Kva med Søre Nordhordland, eller Nordhordland Sør. Ikkje heilt bra, kanskje. Både nord og sør i same namn. Men det er vel ikkje så heilt usannsynleg at det blir ein regionkommune med namnet Nordhordland om nokre år. Alle bruene som bind Nordhordland samen er gode bilete kva som har skjedd, og som skjer heile tida. Vi er bundne saman, vi har villa det, og det er bokstaveleg talt, ingen veg utanom.

Det vil, etter mi vurdering, vere feil å snevre inn namnet til eit mindre område, sjølv om både Seim og Alversund er gode namn med historisk sus.

Lukke til med namnevalet. Eg vil uansett ha røtene mine på Dyrnes og i Nordhordland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags