Takk for engasjement 6. klasse Leiknes skule!

– Elevane har tatt til orde for leksefri etter skulen og ønskjer at fleire brukar refleks i mørketida. Begge delar er viktige tema som opptar mange, skriv ordførar Astrid Aarhus Byrknes og kommunalsjef Kristin Moe i svaret til Leiknes-elevane.

– Elevane har tatt til orde for leksefri etter skulen og ønskjer at fleire brukar refleks i mørketida. Begge delar er viktige tema som opptar mange, skriv ordførar Astrid Aarhus Byrknes og kommunalsjef Kristin Moe i svaret til Leiknes-elevane. Foto:

Av

Svar til 6. klasse på Leiknes skule.

DEL

LesarbrevVi ønskjer å gi honnør til elevane i 6. klasse på Leiknes skule, som har skrive lesarinnlegg om to tema som opptar dei. Elevane har tatt til orde for leksefri etter skulen og ønskjer at fleire brukar refleks i mørketida. Begge delar er viktige tema som opptar mange.

Trafikksikring er høgt på agendaen for oss som jobbar og er politikarar i Lindås kommune. Vi jobbar grundig og systematisk med dette og har blitt godkjent av Trygg Trafikk som ein «Trafikksikker kommune».

Kva betyr dette? Vi jobbar både med haldningar, altså innstillinga og vanane til folk som bur her, og gjer fysiske tiltak som gjer at det blir tryggare for dei som går langs vegen. At de som er elevar i 6. klasse på Leiknes oppmodar fleire til å bruke refleks, gjer at vi blir stolte og glade! De er gode ambassadørar og tar ansvar for at fleire får med seg den viktige meldinga: «Bruk refleks – bli sett! Vi har ingen å miste.»

Vi håpar mange tar oppfordringa!

Innlegget om leksefri etter skuletid, er også kjekt å lese! De er opptatt av å lære mykje på skulen og meiner at det må vere samanheng mellom de arbeidet de gjer på skulen og arbeidet de skal gjere heime. De peikar også på kva som skal til for å arbeide godt og sjølvstendig med leksene.

Frå 2020 blir Lindås, Meland og Radøy slått saman til Alver kommune. I arbeidet med å byggje den nye kommunen, ser vi på korleis vi ønskjer at det skal vere på skulane i den nye kommunen vår. Vi tar med oss innspelet om leksefri til prosjektgruppa som jobbar med prioriteringar for grunnskulen i Alver.

Tusen takk for to gode lesarinnlegg og takk for engasjementet!


Helsing,

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune

Kristin Moe, kommunalsjef for oppvekst i Lindås kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags