Sats på anlegg og trenarar

MÅ SATSAST: Nytt banedekke er på plass i Nordhordlandshallen.

MÅ SATSAST: Nytt banedekke er på plass i Nordhordlandshallen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar

I dagens avis oppsummerer vår lokalfotballskribent Per Kolstad korleis det har gått med fotballsesongen. Han tar for seg herrelaga, men vi må aller først trekke fram ENK-damene, samarbeidslaget til Nordhordland, Kvernbit og Eikanger, som imponerte stort med bronse i Norway Cup i sommar. Det er kanskje den aller største fotballprestasjonen i Nordhordland dette året.

Men også for fleire herrelag har 2017-sesongen vore ein stor opptur. Fire lag, Radøy/Manger, Kvernbit, Austrheim og Masfjord/Gulen, rykker alle opp ein divisjon. Det er svært gledeleg. I tillegg kapra Andreas Bøe Snekkevik toppscorartittelen i 4. divisjon og er no ønska av mange på høgare nivå. Det var heller ingen lag som rykte ned. 

Kritikarane vil nok spørre om dette er noko å ropa hurra for då laga våre held til langt nede i divisjonane. Det er ingen tvil om at fotballen i Nordhordland har sett betre dagar. Vårt beste lag er i per i dag NBK, som så vidt berga seg i 4. divisjon. Det er rett og slett ikkje godt nok. Ein kommune som Lindås, med over 15.000 innbyggarar, har definitivt potensiale til å ha eit lag fleire divisjonar høgare opp.

Det er nok ikkje ei enkel forklaring på underpresteringa, men fotballen i Nordhordland slit med mange av dei same utfordringane som andre distriktsklubbar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er ofte dei same personane som må jobbe dugnad og ta på seg leiarverv, mange blir utslitt. Spelarane flyttar ofte i ung alder for å studere. I Nordhordland er det mange som forsvinn til klubbar i Bergen Nord. Mange stader er kvardagen ein kamp for å stille lag til kampane.  

Noko rask og enkel løysing for å løfte fotballen i Nordhordland finst nok ikkje med mindre det skulle komme raske pengar slik vi for eksempel ser har skjedd med Lysekloster i Os. Men vi trur ikkje det er ei sunn og varig løysing. Vi meiner idretten i Nordhordland først og fremst må fokusere på å bygge anlegg, investere i gode trenarar og skape miljø. Bruk heller pengane på å utdanne gode trenarkrefter enn lønningar til spelarar i 20- og 30-åra.

På anleggssida har det skjedd fleire positive ting i det siste. Nordhordlandshallen fekk nettopp nytt kunstgrasdekke, og snart kjem det ein ny innandørshall i Meland finansisert av Trond Mohn. Den vil garantert gje fotballen, og då spesielt Kvernbit og Nordre Holsnøy, eit løft. Vi må nok også dei neste åra innsjå at laga våre vil ligge langt nede i divisjonane, men situasjonen er ikkje heilsvart. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags