Ein fortent festdag

Dagleg leiar i Industriutvikling Vest, Børge Brundtland saman med statsminister Erna Solberg i Dampen torsdag.

Dagleg leiar i Industriutvikling Vest, Børge Brundtland saman med statsminister Erna Solberg i Dampen torsdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarDet var storfint besøk i Knarvik torsdag. Statsminister Erna Solberg (H) sette av tre timar her samme dag som ho først opna ny flyplassterminal på Flesland og deretter drog på fleire valkamp-arrangement i Bergen. Og statsministeren tok det heller ikkje piano den tida ho var i Knarvik. Først var ho innom ungdomskulen. Deretter gjekk turen til Dampen og Industriutvikling Vest (IUV). Knarvik-besøket vart avslutta med å dosere ein porsjon Høgre-politikk frå scena i Knarvik senter.

Men besøket var altså ikkje berre rein valkamp. Seansen med Industriutvikling Vest skjedde etter invitasjon frå dagleg leiar i IUV, Børge Brundtland. IUV er ein såkalla SIVA-inkubator og er delvis statleg eigd i tillegg til at fylkeskommunen og fleire lokale kommunar er inne med støtte. IUV er no sikra framtidig drift og skal i åra framover trappe opp satsinga. Målet er vekst i Nordhordland: fleire bedrifter og fleire arbeidsplassar. Det er ei heilt riktig målsetting.

Ein slik inkubator vil alltid ha interesse av å få tett kontakt med politikartoppane. Som kjent er det ikkje lenge sidan kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) var på besøk. For gründarane og næringslivet i regionen er det sjølvsagt ikkje feil at det for tida er Høgre og Frp som sit i regjeringskontora. Mange av bedriftene sympatiserer med dei borgarlege, noko også dagen med Erna stadfesta.

IUV vart starta i 2011 og kan vise til konkrete resultat. Dei har vore med å etablere 23 nye selskap og bidratt til ca. 55 arbeidsplassar. Med eitt unttak er det verksemd i alle framleis. Det tyder på at IUV spelar ei viktig rolle. Vi er imponert over det IUV har fått til på relativt kort tid i Dampen, og det er ingen tvil om at Nordhordland treng eit slikt miljø.

Her får gründerar viktig støtte, næringlivet får felles møtepunkt og ein får etablert kontakt med politisk toppmiljø, uansett farge. For den skiftar og kan allereie ha skifta etter 11. september. Kontakten opp mot toppen av statsapparatet gjer at Nordhordland kan utvikle seg. Ikkje alle regionar har så gode miljø.

Vi håpar suksessen held fram, og forventar samtidig at IUV som er så tungt finanisert med offentlege midlar er si rolle bevisst. Dei må vere opne om pengebruken, dokumentere resultata sine, vere edruelege når det gjeld bruk av ressursar og halde tunga beint i munnen når dei skal dele ut store pengebeløp til lokalt næringsliv. Dei fallgruvene har dei unngått til no. Held dei fram i same spor, vil dei vere viktige i åra som kjem.

Vi gratulerer med dagen på etterskot, dette var vel blåst!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags