Mykje dårleg nytt for oss

Statoil Mongstad

Statoil Mongstad Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeiningarLEIAR: Dei siste dagane har vi desverre fått fleire negative nyheiter servert frå næringslivet i Nordhordland. Dei kjem kanskje ikkje så overraskande, men er like fullt alvorlege og forsterkar inntrykket av at nedgangstidene innan industri, olje og gass ikkje er over med det første. Dette er også i tråd med konklusjonane i den siste vestlandsindeksen til Sparebanken Vest som vi har omtalt nyleg.

Den mest alvorlege saka er nyheita om at Statoil verkar å ha tatt ei avgjerd på at olja frå det nye gigantfeltet Johan Sverdrup ikkje skal raffinerast på Mongstad likevel. Dette er eit gigantprosjekt som kunne resultert i investeringar for seks-sju millardar kroner. Det ville betydd enormt mykje for regionen vår. Dei lukrative skatteinntektene til Lindås og Austrheim frå Statoil ville vore sikra endå lengre, ei rekkje underleverandørar hadde fått oppdrag i årevis framover og sysselsettinga i heile regionen hadde fått eit etterlengta «boost».

Reaksjonane frå det politiske miljøet er som forventa. Dei vil sjølvsagt kjempa for at raffineringa skal skje på Mongstad, og det er det sjølvsagt forventa at dei gjer. Ordførarane Astrid Aarhus Byrknes (Krf) og Per Lerøy (Ap) legg også godviljen til og vel å tru at Statoil kun har bestemt seg for å legga prosjektet på is.

Det kan tolkast som ei vel naiv tilnærming, men vi trur politikarane er taktiske og vegrar seg for å ta i bruk for harde utsegner. Å legga opp til ei hard konfliktlinje mot Statoil er neppe smart. Truleg går saka heilt opp til statsministeren sitt kontor - om den ikkje allereie er der. Vi skal hugsa at Statoil er eit børsnotert og internasjonalt konsern som vert styrt etter knallharde økonomiske prioriteringar. Vi kan difor ikkje ta for gitt at raffineringa vil skje lokalt, sjølv om alle mellom Sognefjorden og Bergen synes dette er mest logisk.

Ei anna negativ nyheit vi kunne melda om var nedbemanninga på Framo Flatøy. Trass i godkjenning til fjordutfylling frå kommunal- og moder-niseringsdepartementet, ser bedrifta seg nødt til å kutta i staben med 30 årsverk. Det kjem også permitteringsvarsel frå CCB Mongstad, og frå før veit vi at testsenteret TCM går ei usikker framtid i møte. Det er med andre ord mange arbeidstakarar som lever i uvisse om dagen.

Det har dei blant anna gjort på trafikksentralen på Fedje ei stund. Skal olja frå Johan Sverdrup no skipast ut er det nærliggande å tru at skipstrafikken om få år vil auka dramatisk. Å leggja den ned etter denne vekas nyheiter vil vera den komplette galskap. Vi konstaterer at Nordhordland for tida er i sentrum av storpolitikken.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags