Sterk historie til ettertanke

I 2012 padla Audun og Erlend frå Frekhaug til Træna, nokså nøyaktig 1000 km.

I 2012 padla Audun og Erlend frå Frekhaug til Træna, nokså nøyaktig 1000 km.

DEL

LeiarI laurdagsavisa og på nett kan du lesa den sterke historia om Audun Håland som mista eldstesonen sin Erlend etter ein overdose i januar i år.

Det krev mot og styrke å stå fram med ei slik historie, men Audun vil stå fram med si historie i håp om å kunne hjelpa andre som er i same situasjon. Det står det stor respekt av.

Vi trur og håpar mange vil finna hjelp og trøyst i det Audun har opplevd, og at han set eit ansikt på utfordringar som dessverre mange opplever. Som Audun seier sjølv; «Det er viktig å vera open om dette, og ikkje teia det i hel. Eg vil tru mange pårørande kjenner seg att i denne historia, og andre kan kanskje ha noko å læra. Dette kan skje kven som helst».

For mange er skuldkjensla og spørsmålet om kva dei kunne gjort annleis for at noko slikt ikkje skulle ha skjedd noko som gneg på samvitet i lang tid. Det er lett for å klandra seg sjølv, og i ettertid tenka at det er mange ting ein burde ha gjort.

Difor vert kunnskap viktig. Som Audun sjølv seier er det nok mange av oss som tenker på «dei tannlause vraka i byen» når vi høyrer ordet narkoman, men mange som slit med eit misbruk er velfungerande menneske der du ikkje kan sjå at dei er narkomane, som i sonen Erlend sitt tilfelle.

For Audun har tapet av sonen gjeve han eit heilt nytt perspektiv på livet, og etter nok ei omvelting i livet der han måtte gje opp tannlegejobben sin etter ein arbeidsskade, har han no fått ny jobb med meining og moglegheit til å hjelpa ungdom med å oppleva meistring og kjensla av å bety noko.

Vi rettar ein stor takk til Audun for at han vil stå fram med denne viktige historia.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags