Eit prisverdig engasjement

6. klasse Leiknes skule: Bak frå venstre: Jonas, Sebastian, Sofie, Isak, Bernhard og Helle. Midten frå venstre: Håvard, Filip, Elina, Nicolai, Hala, Maren, Mia, Miriam, Kristin og Emilie. Framme frå venstre: Isabella, Emmeline, Fredrik, Martin, Emil, Elias og Sverre. Foto: Morten Sæle

6. klasse Leiknes skule: Bak frå venstre: Jonas, Sebastian, Sofie, Isak, Bernhard og Helle. Midten frå venstre: Håvard, Filip, Elina, Nicolai, Hala, Maren, Mia, Miriam, Kristin og Emilie. Framme frå venstre: Isabella, Emmeline, Fredrik, Martin, Emil, Elias og Sverre. Foto: Morten Sæle Foto:

DEL

Leiar:Hausten 2018 var rekordmange skular med i undervisningsopplegget Avisveka, eit opplegg der elevar vert meir kjend med avis som medium gjennom undervisningsmateriell og fokus på avislesing i ei heil veke.

Ei rekkje skular i Nordhordland var med denne runden, og vi i Avisa Nordhordland nytta høvet til å besøka mange av dei klassane som hadde vald oss som avis. Vi møtte eit hundretals engasjerte, nyfikne og interesserte elevar som stilte mange gode spørsmål, og vår utsende bladfyk fekk prøvd seg i andre enden av spørsmåla enn kva ein er van med i kvardagen.

Eit av måla med Avisveka er å spora til samfunnsengasjement, og i dagens avis kan ein lesa resultatet av dette.

Elevane i 6. klasse på Leiknes skule var blant dei mange klassane som deltok i Avisveka, der dei mellom anna hadde fokus på debattinnlegg. No har elevane skrive to eigne lesarbrev som du kan lesa i denne utgåva.

Dei set fokus på saker som ikkje berre angår Leiknes skule, men er viktige og aktuelle tema både lokalt og nasjonalt.

I det eine innlegget er det refleksbruk som er tatt opp, eit stadig tilbakevendande tema både på leiarplass og i spaltene elles her i avisa.

Så lenge vi ikkje er sjølvlysande, og mange, spesielt vaksne, vel å gå langs mørke vegar utan å vera synleg, er dette eit viktig tema å ta tak i.

Det andre temaet elevane tek opp er leksefri skule. Dei legg fram gode argument for kvifor dette er ein god idé, og utfordrar kommunen til å ta tak i dette for å få det gjennomført.

Vi takkar for engasjementet og tek gjerne i mot fleire innlegg frå engasjerte born og unge.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags