Bokbåten «Epos» er ein institusjon i Hordaland. I 50 år har båten farta rundt i kvar ein krok av fjordane i fylket vårt og vore eit nært og kjært innslag i små bygder utan dei store kulturtilboda. Det same har vore tilfelle i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, men i 2014 måtte «Epos» gje tapt i nabofylket etter at fylkespolitikarane der vedtok nedlegging.

Båten har vore nedleggingstruga ved fleire høve tidlegare i Hordaland. No er det desverre på'an igjen også her etter at fylkesrådmannen i budsjettarbeidet har foreslått å kutta driftsstøtta frå neste sommar. Det kostar fylkeskommunen om lag halvannan million kroner i året å drifta bokbåten og ein vil då spara 700 000 kroner i 2016.

Kuttforslaget skaper sjølvsagt umiddelbart reaksjonar. Bibliotekforening, skular og bygdelag aksjonerer for å bevara eit tilbod som betyr mykje i kvardagen. På debattplass på side 11 i dagens avis kan du lesa to lokale innlegg som argumenterer sterkt for at bokbåten må bestå. Dette er lesarinnlegg vi lett kan stille oss bak.

Ifølgje Norsk Bibliotekforening har båten heile 52 stopp i 22 kommunar langs fjord- og kystlinja i Hordaland. 15 av besøka var i Nordhordland, og av kommunane våre var det berre Fedje som ikkje fekk besøk når vi held Gulen i Sogn og Fjordane utanom.

Her meiner vi fylkesrådmannen bommar og viser lita forståing for båtens betydning i distrikta.

Trond Roger Nydal, redaktør i Avisa Nordhordland.

 

Eit breiare tilbod i målgruppa skal ein leita lenge etter. Ikkje berre gjev bokbåten viktige leseopplevingar til barn og unge, men den har også utvikla og modernisert seg med åra og gjev no eit kulturelt tilbod innan musikk og teater. Eit flytande litteraturhus, blir den omtalt som.

Hovudargumentet for nedlegging er økonomi, men vi trur det må finnast andre innsparingar på det fylkeskommunale budsjettet som monnar meir. 1,5 million årleg er småpengar i det fylkeskommunale sluket. Det totale driftsbudsjettet for 2015 på svimlande 7,1 milliardar. Så kan ein sjølvsagt innvenda at mange bekkar små gjer ein stor å, men her meiner vi fylkesrådmannen bommar og viser lita forståing for bokbåtens betydning i distrikta.

I Bergen har fleire av byens største kulturpersonlegheiter gått ut i BA og tatt til orde for at bokbåten må få segle vidare. Vi snakkar mellom anna om krimforfattarar Gunnar Staalesen. Med seg på laget har han Chris Tvedt med fleire. «Ikkje senk bokbåten», er deira klare melding. Det er ikkje alltid vi nordhordlendingar er samde med bergensarar, men i denne saka står vi på same banehalvdel.