Gå til sidens hovedinnhold

Skammeleg av Telenor

Artikkelen er over 3 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Tidlegare har vi fortalt vi om Bjørn Misje sin frustrerande kamp mot Telenor. Misje og naboar på Byrknesøy i Gulen har mista internett etter at to telefonstolpar vart knekt av uvêret vi hadde før jul. I alt fire bustadar skal vere råka. Ingen av dei har no 4G-dekning. Misje tok kontakt med Telenor og melde frå om problemet. Han forventa naturlegvis at selskapet ville få opp nye stolpar, men då fekk Misje eit uventa svar. Telenor ville ikkje ordne problemet. Årsak: Det var for dyrt.

Ifølge Misje har ikkje stolpane vore vedlikehaldne sidan dei vart sett opp på 1960-talet. Med rette stiller han spørsmål ved kva som skal vere Telenor sin praksis når stolpar fell ned, skal dei unnlate å sette opp nye? Kor mange skal vere råka for at det blir gjort?

Vi har konfrontert Telenor med saka. Ein pressekontakt seier det i dette tilfellet er vurdert å vere for dyrt. Han seier det også spelar inn kor området ligg – om det ligg langt utanfor allfarveg og det er dyrt å komme dit. Han legg til at selskapet også føler «eit ansvar for å bruke pengane forsvarleg».

Les også

Fleire er utan internett etter at stolpen knakk, men Telenor vil ikkje fikse linja

 

Vi meiner svaret er særdeles skuffande av eit selskap som Telenor, som skal vere eit selskap nordmenn blir stolte av og som bør vere eit forbilde når det gjeld kundeservice. Ikkje minst det at telegiganten argumenterer med økonomi held ikkje mål. Telenor har milliardar i overskot. Det kan umogleg vere økonomi som er til hinder for å få opp igjen to stolpar på Byrknesøy.

Internett er samfunnets hovudpulsåre. Når stadig meir blir digitalisert i samfunnet, må innbyggarane også forvente at den naudsynte infrastrukturen er på plass. Dette er dessverre nok eit eksempel på korleis distrikts-Noreg blir råka når alt skal privatiserast og målast etter lønnsemd. Den eldre garde vil hugse at det var ei tid då målet var å bygge ut infrastruktur i heile landet. Den tid ser dessverre ut til å vere forbi. Eller vil de snu, Telenor?

Ikkje minst det at telegiganten argumenterer med økonomi held ikkje mål.

Les også

Her må Inger Anne plassere mobilen for å få inn meldingar: – Dette er for dårleg i 2017!

 

Kommentarer til denne saken